• Spiss-slede i gran med eitt sete og med avrunding i bakre ende. Sprukke lok med hengsler. Låseanordning manglar.

Botnen er laga av ein langsgåande planke. Tverrgåande list og plankar dannar fotbrettet. Ryggstøtta og bakre delen av fatningen har rammeverk med todelt speilfylling. 

To labankar kviler på meiesprossane. Rammene er avstiva med jernband framme og bak. Meier har jernbeslag og innpressa akantus. 

Innvendig raudbrun, utvendig gråkvit. Utskore utvendig i sein rokokko, overgang til klassisisme. Speilfyllingar i rygg og bakre del av fatningen er måla. Motiv med tre/busker i blåsvart.
    Photo: Valdres Folkemuseum

Slede

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to