1
2
100
Maskinstrikka, fabrikkert, kvit luve av bomull. Luva har kyseform og fastsauma innerluve med blondekant. Luva er mønsterstrikka og dekorert med grønt og kvitt silkeband, ei sløyfe oppå hovudet, ei på kvar side og ei øverst i nakken. Liknande silkeband er foldelagt og ligg langs heile framkanten av luva. Silkebanda er sauma fast, gjennomgåande på både ytterluve og innerluve. Kvite silkeband er knytebanda på luva, eit i kvar side. Innerluva er av mønstertrykt bomullslerret i rosa, raudt og kvitt. Den er av eit stykke, har saum i nakken og er rynka på issen. Framover har innerluva jarekant med ei påsauma bomullsblonde som visar berre på vronga. Mot nakken har luva brei dobbel fald og legg.
Photo: Vest-Telemark Museum

Accept license and download photo