History
-
Åsnes Skifabrikk starta produksjonen sin i 1922. Då var det fire brødre som starta opp produksjon i liten skala. Arne Åsnes fekk jobb på LC Hagens skifabrikk i Oslo i 1910, og fekk etter kort tid selskap av tre av brødrane sine. Produksjonen starta med produksjon av tre ski og utvikla seg til laminetre ski, glasfiber og seinare modne høgteknologisk skiproduksjon på industriell basis. Åsnes gjekk konkurs i 1998. Produksjonen starta opp att i199 under namnet Åsens ski.
Frå Åsnes sin nettbutikk:
-CECILIE FJELLSKI M. FELLELÅS
Ref 540161
Cecilie Skog
Cecilie Skog er ei av verdas fremste natureventyrar og ein ivrig polfarar og klatrar. Ho er den einaste kvinna som har vore til topps på alle dei sju kontinenta (Seven Summits) og dessuten har nådd både Sør- og Nordpolen. Cecilie har òg kryssa Grønland og vore på Cho Oyu og K2.
Cecilie Fjellski
Skia er utvikla i samarbeid med eventyraren Cecilie Skog. God innsving og breidd gjer skia lettsvinga med gode flyteeigenskapar. Dei har heil stålkant og eit moderat gåspenn som er tilpassa jenter. Ei køyreglad og optimal fjellski for turglade jenter! Kan leverast med Åsnes sin patenterte fellelås.
Produksjon: 1950 - 1960
- Produsent (K)Åsnes Ski A/S
- History
I nesten 90 år har Åsnes produsert robuste fjellski til turar og ekspedisjonar. At nokon kunne finne på å etablere ein skifabrikk ytterst i havgapet er for mange ubegripelig i dag, men på den tida var snøtilhøva betre. Åsnes-brørne som starta skiproduksjon var lidenskaplege skikøyrarar, som gjekk at og fram frå Oslo på ski når dei skulle heim på besøk.
I Noreg var det mange skifabrikkar på starten av 1900-talet, men svært få av desse overlevde. I dag er Åsnes ein av to gjenlevande Norske skimerke og den einaste med Norske eigarar.
Start i ei sperrestove.
Arne var den eldste av Åsnes-brørne. Han hadde flytta til Oslo i 1910, der han fekk arbeid på L.C. Hagen Skifabrikk. I tur og orden kom dei andre brørne; Jonas Åsnes, Kristian Åsnes, Alf Åsnes og Kolbjørn Åsnes til Oslo og fekk seg arbeid i skifabrikken. Leif Åsnes var også i ein periode innom ein annan skifabrikk.
I 1922 starta brørne Jonas Åsnes, Kristian Åsnes, Kolbjørn Åsnes og Leif Åsnes eigen skifabrikk i ei gamal sperrestove heime på farsgarden på Åsnes. Arne og Alf budde i Oslo, men hjelpte innimellom til heime.
Treverket til skiproduksjonen kjøpte brørne på rot på andre sida av fjorden og slepte det etter robåt over til Straumsnes. Den første fabrikkbygninga byggde dei i 1933. Der dreiv dei fabrikken som rein familiebedrift fram til 1938. Då fekk Åsnes-brørne ein ordre på 1800 par ski til Forsvaret, og måtte tilsetje meir folk.
I 1948 vart fabrikken totalskadd av brann, men i 1950 stod ein ny fabrikk med 465 kvadratmeter i grunnflate og tre høgder ferdig.
Strid om produksjonsmetodar.
Med ny fabrikkbygning satsa Åsnes Skifabrikk også på produksjon av ski i laminert tre etter den såkalla «splitkein»-metoden. I 1952 reiste Splitkein-fabrikken på Hønefoss, eigd av den kjende OL-meisteren Laila Schou Nilsen, sak mot Åsnes. Splitkein-fabrikken hevda å ha einerett på produksjon av laminerte ski. I 1957 vann Åsnes Skifabrikk saka.
Frå treski til glasfiber
Glasfiberskia kom for fullt i internasjonal skisport frå 1972. Men alt på slutten av 1960-talet hadde Åsnes utvikla sine eigne prototypar i glasfiber. Utover 1970-talet kutta konkurrentane ut treskia og satsa berre på glasfiber. Men mange heldt seg framleis trufast til treskiene - eit produkt som dei framleis kunne få frå skifabrikken på Straumsnes. Det siste partiet med treski frå Åsnes vart levert til Forsvaret så seint som i 1987.
Solstolar, dører og hoppski
Skifabrikken på Straumsnes har ikkje berre livnært seg på skiproduksjon: I mellomkrigstida var fluktstolar i tre og canvas eit viktig produkt. Då produserte Åsnes også skistavar og bordtennisracketar. Årar til robåt var i mange år eit stort produkt. I mange år hadde fabrikken også delleveransar til dørfabrikkanten Moelven. Dei leverte også deler til vevstolar til ein fabrikk i Arna.
Sjølv om fjellski gjennom alle år har vore det sentrale produktet, forsøkte Åsnes Skifabrikk seg også på hoppski i ein periode på 1980-talet.
På 1980-talet kom også telemarkssvingen for fullt. Åsnes Skifabrikk vart tidleg ute med ei spesialutvikla telemarkski, og var med det ei tid dominerande på denne marknaden. Kring 1970 satsa Åsnes Skifabrikk på eksport av ski, og fekk etter kvart store leveransar til USA, Canada og fleire europeiske land.
I 1977 var produksjonen komen opp i heile 137.000 par ski i året.
Konkurs 1998 og nye eigarar
Fleire snøfattige vintrar og beinhard konkurranse frå mellomeuropeiske skifabrikkar skapte fleire gonger vanskar for Åsnes Skifabrikk på 1980-90 talet.
Historia vidare finn du på: http://www.asnes.com/
- Adresse,Norge Sogn og Fjordane Fjaler Straumsnes
- ProfessionSkifabrikk Skimakar Sportsutstyr
- NationalityNoreg
- DigitaltMuseumSearch in «Åsnes Ski A/S»
- History
- Place of creationNorge Sogn og Fjordane Fjaler Straumsnessikker
Classification
License information
Metadata
- IdentifierNSE.0248
- Part of collectionNorsk Skieventyr
- Owner of collectionNorsk Skieventyr
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedFebruary 7, 2015
- Date updatedMarch 4, 2020
- DIMU-CODE021025788602
- UUIDddb643f4-41e8-40a8-96ed-c564fbcfc7a5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».