History
-
-
Produksjon
-
Produsent (K)
Nystog, Talleiv O.
sikker
-
History
Nystog vert rekna mellom dei beste knivmakarane på 1800-talet. Han arbeidde i mange ulike material, og me finn slirer av bukkehorn, tre og lær. Knivskafta kunne vere i finare ved som runnen løn, kolrosa bein eller utskore ibenholt.
Holkane er smale, og me ser av reiskapen hans at dei var driven ut, ikkje lodda saman slik det elles var vanleg. Dette kan vere forklaringa på kvifor dei var så smale. Graveringa er svært grunn, nærast som rissing. Nystog leverte og knivar med glatte holkar. Som skaftavslutting nytta Nystog ei S-form, som me finn i to storleikar, og ein sobande hund.
Blada smia Nystog sjølv, dei var ofte stempla TON med negativ stempel, Det vert sagt at Nystog kvar laurdag gjekk opp i smia og smia seks blad som han holka veka etter.
Også sonen Aanund Nystog (1866-1926) var knivmakar, og han overtok reiskpen etter faren. Dei hadde knivar som likna svært på kvarandre, men Aanund hadde ein langt mindre produksjon. Han skar fine slirer i bukkehorn, og gravete sylvholkane som faren.
- Adresse, Vinje
- DigitaltMuseum Search in «Nystog, Talleiv O.»
-
History
-
Classification
-
- Jordbruk (Outline) OU 240
- Lauving (Outline - Forsanking og fordyrking) OU 246.12
- Redskaper, alminnelige (Outline) OU 412
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier LB.10247
- Part of collection VTM Eidsborg
- Owner of collection VTM Eidsborg
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published February 12, 2015
- Date updated November 23, 2022
- DIMU-CODE 021025791901
- UUID ff06e4b3-7871-4f2f-b649-baa094ace22d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».