• Ei kasse med topp, botn, sideveggar og bakvegg. Toppen er laga av to plankar og forsynt med tre lister langs side- og bakvegg. Sideveggane er òg sett saman av to plankar, medan bakveggen har tre. Rundt side- og ytterkant går det lister framme, og det er òg lister på begge sider under. 

Kassa er fyrst delt i to av ei vassrett plate omtrent på midten. Kvart av desse to romma er delt av to vassrette plankar (ein framme og ein bak), og så avstiva med i alt fire pinnar mellom desse. Det vert då forma 4 hyller (inkl. botnen), og dei to i midten vert delt i to av ein vertikal skiljevegg. Renner i øvre og nedste skiljevegg kan tyda på at det var skiljeveggar også der. I romma som vert forma er det i alt åtte skuffer, i fire etasjar. Desse har rette sider og botn, og har knottar framme
    Photo: Albertsen, Ragnar H. / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dragkiste

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Order this image

Share to