History
-
-
Historikk: Kjerringkåper var i bruk hele Østlandsområdet.
Aagot Noss forteller i boka: «Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark» dette om bruken av kjeringkåpa: - Kjeringkåpa/slynga var eit kostbart plagg som ikkje var alle kvinners eige. «Dei brukte kjeringkåpe og tulleplagg.
Det var drusteleg når dei kom køyrande i kjeringkåpe og så hadde dei gjerne ein unge under kåpa.» Når dei hadde born til dåpen, bruka dei kjeringkåpe. Då sat dei og køyrde med ungen på fanget godt gøymt under kåpa. Også elles når dei var ute og køyrde, kunne dei ha kjeringkåpe. Ho var tung å gå med. Det er berre ein informant, ho er fødd 1880, som sjølv har brukt kjeringkåpe. Dei andre har sett og minnes mor eller somme gamle bruke slike. Dei fleste registrerte kjeringkåpene har også tilhøyrt og vore brukt av ættleden fødd i tida 1830-1860, altså foreldre og besteforeldregenerasjonen til mine informantar.
Kåpa var i vanleg bruk til bortimot førre århundreskifte, men vart brukt av enkelte gamle ei tid inn i det 20. hundreåret, ja sporadisk heilt til 1930-åra. Kjeringkåpa er kjend mange stader på Austlandet. Ho har til dømes vore brukt i visse bygder i Buskerud, Østfold, Opland, Hedmark og Sør-Trøndelag.
Dei fleste er av innført ty. Fargen kan vera grøn eller blå, ofte er det kombinasjonar av fargar, så som grønt og blått eller brunt. (Sitat slutt.)
-
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier VF.09990
- Part of collection Slottsfjellsmuseet
- Owner of collection Stiftelsen Vestfold Fylkesmuseum
- Institution Slottsfjellsmuseet
- Date published March 10, 2015
- Date updated December 10, 2021
- DIMU-CODE 021025814049
- UUID 9a944446-c94a-4913-bcb4-06d47311c9f4
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».