History
-
Brukt av snikkar Per Sætre.
Frå Stord Bygdebok band II, gardsnr 27/bnr. 47 - Solberg, vart skilt frå bnr. 41 i 1895 og skøytt til P.M. Sætre. Frå 1910 og utover åtte Hjalmar Johannesen, Otto L Hantho og I. Karlsen det nokre år kvar. Ingvald Bore har hatt heimelen frå 1930.
Per Matiasson Sætre var dotterson til Ånen Nilsson Vikanes, f. f1802, og var soleis av den gamle Vikanes- og Ådlandsætti. Han var snikkar, og kom til Stord kring 1890. På bnr. 47 bygde han eit lite forretningshus og tok til med handel der. Seinare kjøpte han bnr. 100, Blomkvist, og bygde hus der. Han kjøpte og bnr. 21, Solberg, av gnr. 38, og hyste det opp og. Det har versonen, Ola Nøstvåg.
Det står og om Per Sætre i Sunnhordland Årbok 1991, band 72, side 93 - skrive av Birger Røyksund:
Nokolunde på dei tider brua vart bygd(over Røyksundskanalen), sette ein Per Sætre opp skikkeleg krambu, nett vestom gamlebrua. Ho står der, i same stil utanpå, å sjå til den dag i dag.
Han rekna nok med at her som to ferdselvegar kryssa kvarandre, måtte vera plassen for ei krambu.
Denne Per Sætre var ifå Fodlarøyno, og kona hans var dotter til Brita på Neset, nemd tidlegare. Per Sætre dreiv ogso forretning på Leirvik samstundes. Det skulle vera dei unge og staselige døtrene hans som for det meste stod bal disken her i Røyksund. Dei var so snille og godgjerande var det fortalt, at dei greidde ikkje å seia nei når nokon kom og ba om varer på borg. Det vart på resten slik i mestelaget at Per Sætre gjekk konkurs. Den eine forretninga drog den andre med seg og Per'n tok til som bygningsmann seinare. Dottera hans Marie, gift Clausen, levde i Haugesund til ho var 98 år. Ho kunne fortelja om denne tida då ho var krambugjenta ved Røyksundskanalen.
Eierskap
Classification
-
- TrearbeidOU 322
- HøvlingOU 322.15
- EggverktøyOU 412.1
References
- Arkivreferanse11<KGR.17316.02>
License information
Metadata
- IdentifierSF.003744
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedMarch 11, 2015
- Date updatedDecember 12, 2019
- DIMU-CODE021025816033
- UUIDc0ee97d2-1dbe-4724-a067-ed50d32f2411
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».