History
-
Så Stord bygdebok, band II, side 749
Øystein Bårdson Dybvik fekk skøyte på garden 1947, bruk nr 1, etter Bård Dybvik d. 1941 og kona 1964. Han driv garden saman med broren Bård.
Skoen vart funnen på loftet i det gamle gardstunet som vart rive våren 1989
Stord bygdebok, band II, side 758
Dette var huset på garden Kleivo, gardsnr 59 bnr 18. Skilt frå bruk nr 1 i 1946 og skøytt til Alette Akselsdtr. Storvik.
"Kleivo
Kva tid Kleivo vart rydja og bygsla bort fyrste gong, veit me ikkje. Den siste husmannen der; Aksel Anderson, bygsla plasset i 1885, men husi åtte han sjølv. Han hadde butt på Nysæter og i Stokken før. Han var frå Bjelland, son til Anders Guttormseon og Vilminka Akselsdtr. som budde på plasset Luren. Aksel, f. 1840 var gift to gonger. Fyrst med Anna Andersdtr. frå Sætre under Vikanes. Dei hadde 7 born, men berre eit av dei, Andreas har borm etter seg. Ein son hans, Vilhelm Bjelland, kjøpte eit bruk i Sørhuglo og bur der, (sjå gnr. 66). Andre kona til Aksel var Ingeborg, f. 1863 i Stokken, Fitjar. Dei hadde eit barn Ingeborg Alette Karine, f. 1904. Aksel døydde i 1927, men enkja og dotteri hadde ei plasst åri frametter. i 1945 kjøpte Alette omlag helvi av det gamle plasset. Ho er gift med Helge Jensson Storvik frå Røyrvik i Kvinnherad. Mor hennar, Ingeborg, døydde 1948.
,
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSF.006603
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedMarch 11, 2015
- Date updatedFebruary 16, 2022
- DIMU-CODE021025816055
- UUID35dc9069-762e-40e4-ab6a-7f6a24de89c3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».