Part of exhibition
History
-
-
Case Mod. D kom på marknaden i 1933 og var den første modellen frå J.I. Case i den karakteristiske raudoransje fargen. Traktoren blei produsert til 1953, og ein kunne få han i ulike utgåver. Dette er standardutgåva som kunne trekke ein tre-skjærs plog.
På DC-3 var det mogleg å justera avstanden mellom framhjula. Model DC-4 hadde litt betre bakkeklaring, Model DO var laga for frukthagar og Model DV for vingardar. Fordelen med Case sine traktorar var mellom anna at kjededrifta var lukka inne slik at støv og skit ikkje kom til. Denne traktoren er frå 1940, tidleg på året.
Firmaet J.I.Case starta med å laga dampdrivne traktorar på 1860-talet. På 1890-talet byrja dei å eksperimentera med bensintraktorar, utan suksess. Først då dei kom med Model 9-18 for å konkurrera med Fordson F, klarte dei å etablera seg som ein større traktorprodusent. I midten av 1930-åra var dei tredje størst i USA.
Case-traktorane blei importert av A/S Kullberg & Co. Maskinforretning i Oslo. Dette eksemplaret var i bruk hos Paul Bakkerud i Skiptvedt i indre Østfold. Då han blei produsert, hadde andre verdskrigen brote ut. Storting og regjering urolege for matproduksjonen på grunn av den urolege situasjonen i Europa, og gjorde vedtak om beredskapsimport av traktorar. Dette starta eit spel der forhandlarane prøvde å komma i best mogleg posisjon slik at deira traktorar blei tatt inn. Til slutt blei det vedtatt at kvar forhandlar skulle få ein kvote som stod i forhold til kor mange traktorar dei selde frå 1937 til 1939. Kanskje kom denne Case Mod. D inn med beredskapsimporten?
Dei tidlegaste D-modellane, som denne, blei laga med jernhjul. Seinare eksemplar av Case D blei produserte med gummihjul.
Traktoren var rimeleg komplett, men har likevel fått nytt deksel over manifold, ny eksospotte og nye transportringar. Traktoren er restaurert av Sverre Skjæveland.
-
Produksjon - 1940 (Produksjonsnummer: 4400397)
- Produsent J. I. Case Company sikker
- Production place USA Wisconsin sikker
-
Bruk
- Brukssted Norge Østfold Skiptvet Skiptvedt (Tettsted) sikker
-
Downloads
- File attachments Restaureringsarbeid utført av Sverre Skjæveland i 1985 291394
Classification
-
- Jordbruk (Outline) OU 240
- Jordbruk i sin alminnelighet (Outline) OU 241
- Landbruksmaskiner (Outline) OU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier JÆG1984.05.01
- Part of collection Jærmuseet
- Owner of collection Jærmuseet
- Institution Jærmuseet
- Date published June 5, 2015
- Date updated May 11, 2022
- DIMU-CODE 021025875696
- UUID 62d8cee7-978a-4bfd-bb75-fe026aa69ef9
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».