Part of exhibition
History
-
Massey-Harris Pacemaker kom i 1936, i 1937 fekk han fleire hestekrefter. Då blei også den grøne fargen bytta til raud, hjula fekk strågul farge. Pacemaker blei produsert til 1939.
Massey-Harris Company blei stifta i 1891 med samanslåinga av to store kanadiske reiskapsprodusentar og konkurrentar. I 1953 gjekk Harry Ferguson inn med sitt firma og dei danna Massey-Harris-Ferguson Limited, seinare blei namnet Massey-Ferguson..
Jærmuseet har tidlegare presentert denne traktoren som Massey-Harris mod 25. Ei nærmare undersøking viste at det var feil. Mod 25 har berre tre gir framover, denne har fire, som ein Pacemaker.
Produksjonsnummeret, 107170, viser også at det er ein Massey-Harris Pacemaker, og at han blei laga i 1936.
Jærmuseet fekk ein forfallen traktor. Under restaureringa blei heile traktoren demontert og kvar minste detalj skrudd frå kvarandre. Handverkaren tok mål og kopierte delar frå ein tilsvarande modell i Klæbu. Traktoren skifta eigarar fleire gonger før han kom til museet. Opplysingane som høyrde til traktoren var ikkje skriftlege. Fakta blir lett endra når dei går munnleg frå ein mann til ein annan, og det kan ha skjedd i dette tilfellet. Hendinga syner kor viktig det er å ikkje sletta alle spor i ein restaureringsprosess, og å vera nøye med å dokumentera kva skjer med gjenstanden.
Traktoren var sterkt forfallen og har sidan gjennomgått ei omfattande restaurering. På dette eksemplaret var det nokså mange delar som måtte lagast nye: skjermar, panser, eksosanlegg, nytt luftinntaksrøyr, deksel over manifold, plate for regulering av chalken på førarsetet, plate i dørken, styresnekke, reimskive, drag, nye sider på høgre bakhjul, nye framhjul og transportringar. Restaureringsarbeidet er utført av Sverre Skjæveland. Støypearbeidet er utført av Serigstad A/S på Bryne og ein god del anna arbeid er utført på Kverneland A/S.
Produksjon: 1936 (Produksjonsnummeret)
- ProdusentMassey Harris Co.sikker
Bruk
- BruksstedNorge Rogaland Rogaland Jærensikker
Eierskap
- Første eierKolnes, Andreas A.
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1985.0004
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedJune 5, 2015
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE021025875748
- UUID29e71019-32f4-4f9d-b0a0-c101de68ee3b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».