Part of exhibition
History
-
-
Mogul 10-20 kom på marknaden i 1916. Han blei ingen suksess, sjølv om han var lettare å manøvrera og billegare enn modellen før, dessutan kraftigare og meir pålitelig. Det blei berre laga 8900 eksemplar av traktoren, produksjonen slutta i 1919. Denne er frå 1917.
International Harvester Co. blei danna i Milwaukee, Wisconsin i 1902 gjennom samanslåinga av Mc Cormick Harvesting Machine Co, Deering Harwester Co og ei rekkje mindre selskap. Då slo dei to største rivalane innan produksjon av landbruksutstyr seg saman. Dei to greinene fortsette som rivalar i selskapet, synleg gjennom konkurransen mellom dei to merkene Mogul frå Chicago og Titan frå Milwaukee. Selskapet hadde ikkje berre to produksjonslinjer, dei hadde også ulike forhandlarar. Dei gamle McCormick forhandlarane selde Mogul, Deering forhandlarane selde Titan.
I 1917 gjekk USA inn i første verdskrigen. Same året blei traktorproduksjonen i landet meir enn dobla. Over 62000 traktorar blei produsert i 200 fabrikkar, 85 av dei var nye dette året. 15000 av traktorane blei eksportert. Det var mangelen på arbeidskraft og trekkraft på grunn av krigen som fekk opp etterspurnaden etter traktorar. I Norge tok staten ei aktiv rolle. Dei påla bøndene pliktdyrking, og sette i verk to tiltak for å betra tilgangen på trekkraft: skaffa fleire hestar og importerte traktorar. 30 traktorar i 1917, endå fleire året etter. Dei aller fleste var Mogul 10-20. Mogulane passa kanskje på den amerikanske prærien, men ikkje her i landet. Dei var tunge og teknologien gammaldags. I staden kunne ein gjort som den engelske regjeringa, og skaffa dei billege og moderne Fordson F.
Dei statsimporterte Mogulane kosta 9000 kroner i 1918, og blei selde utan garanti. Dette eksemplaret er ein av dei, eigd av Kristian Lund frå Slitu i Østfold.
Traktoren er ikkje restaurert.
-
Produksjon - 1917 (Produksjonsnummer: 4575)
- Produsent International Harvester Co. sikker
- Production place USA Illinois Chicago sikker
-
Bruk
- Brukssted Norge Østfold Eidsberg Slitu sikker
-
Relation
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighet OU 241
- Landbruksmaskiner OU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier JÆG1988.13.01
- Part of collection Jærmuseet
- Owner of collection Jærmuseet
- Institution Jærmuseet
- Date published June 5, 2015
- Date updated April 3, 2018
- DIMU-CODE 021025875847
- UUID 2bbf2df0-79a3-49ae-bb42-bf08fbdc3ba7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».