Part of exhibition
History
-
Fordson E1A New Major kom på marknaden i 1952 og etterfølgde den heller utdaterte Fordson E27N Major. Den nye Majoren blei produsert fram til 1958. Han fekk meir avrunda og meir moderne former enn forgjengaren.
Samanlikna med Ford 8N eller Ferguson TEA20, var majorane store og tunge traktorar. Dei var nyttige når bøndene skulle nytta større reiskapar. Ulike anleggsfirma hadde også bruk for disse traktortypane. Den første Moldvarpen, vaiergravemaskina til Brødrene Moi, blei kopla til kraftuttaket på ein Fordson Major.
Dei store traktorane blei også tatt i bruk på andre måtar, utanfor jordbruket, til dømes når traktorpullerane skulle konkurrera. Amerikanske farmarar hadde sidan 1860-talet konkurrert om kven sin hest som kunne dra det tyngste lasset. Dei let hesten dra ei dør medan fleire og fleire folk hoppa på døra. Hesten som drog flest, vann konkurransen. Første gong ein traktor blei brukt på same måten var i 1929.
Jærmuseet fekk denne Fordson E1A New Major frå Norsk Teknisk Museum og han er merka av god bruk.
Produksjon: 1957 (Ut frå serienummeret)
- ProdusentFord Motor Companysikker
- Production placeStorbritannia Dagenham (England)sikker
Relation
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1998.41.02
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedJune 5, 2015
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE021025875962
- UUID608897ae-c45f-4889-9123-460dd7a2398a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».