Part of exhibition
History
-
Dette var opphavleg ein Morris Commercial lastebil med firehjuls drift. Anders Tvedt bygde han om til traktor med tohjuls drift. Traktoren blei registrert i 1950. Han har framleis skilt, og kan køyrast på vegen med ein toppfart på heile 90 km/t.
Etter andre verdskrigen var det stor interesse for traktorar, men salet av dei var strengt regulert. Fleire bygde då sine eigne traktorar. Utgangspunktet var gjerne firehjulsdrivne køyrety som stod igjen etter tyskarane. Ole G. Nord-Varhaug var ein av dei som bygde om slike køyrety, og selde dei. Resultatet likna lite på vanlege traktorar, men dei kunne brukast likevel.
Anders Tvedt (opphavleg Tveit) var fødd på Tysnes. Han flytta til Bryne i 1939, og arbeidde ei tid som dreng. Deretter var han tilsett i ulike mekaniske bedrifter, det meste av tida hos Erlands Maskin.
Anders likte å laga ting. Han heldt alltid på med noko, og det blei gjerne solide saker. Rett etter krigen kjøpte han ein Horsch stabsbil som var igjen etter tyskarane. Denne bygde han om til traktor. Neste prosjekt var dette eksemplaret som han arbeidde med i 1948-49. Lastebilen var opphavleg britisk. Tyskarane okkuperte Sola flyplass nokre månader etter krigen til september 1945. Dei tok ikkje med seg utstyret heim igjen. Morris Commercial var truleg ein 1938-modell. Det blei fortalt at han var med då dei allierte gjekk i land i Normandie 6.juni 1944.
På byrjinga av 1950-talet sette Anders på hydraulisk trepunktsoppheng. Traktoren har aldri vore brukt til gardsarbeid. Han har drive ei sag, frakta folk til bryllaup, flytta jord, stein og grus, og vore fundament for eit flyttbart stillas.
Første eigar kjøpte ein firehjulsdriven lastebil frå Stavanger bilopphogging.
Det var ein "Commer Commercial" som Bjerkreim kommune hadde eigt.
Han måtte skifta ut framakslingen avdi Biltilsynet ikkje ville godkjenna den originale.
Nå er det tohjulstrekk på traktoren.
Traktoren er registrert med bilnummer: L-14703
Bruk: 1948 - 1980 (Første dato er oppgjeven av dåverande eigar, siste dato er antatt)
Dåverande eigar kjøpte lastebilen frå Stavanger Bilopphogging.- Første eierTvedt, Audunsikker
Relation
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG2005.29.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedJune 5, 2015
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE021025876020
- UUID5c366492-7ac0-4aec-8900-688b8f06c37f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».