A part of
History
-
-
Ingeniør Per Mathias Drage (1877-1962) var i frå Stadlandet, Selje kommune. Måløy fekk elektrisk lys i 1911 frå eit motordrive kraftverket som ingeniør Drage bygde. Kraftverket produserte 143 Kw. I 1914 tok kommunen over og bygde kraftverket ut som vasskraftverk med Skramsvatnet som magasin.
Ing. Drage kjøpte Ulvefaldene og fallrettane ved Raudeberg i 1908. Kraftverket i Ulvefaldane vart bygd i 1912. Kraftverket vart eit økonomisk vonbrot for Drage, fordi mange av dei potensielle abonnentane hass fekk kraftforsyning frå Ålfoten interkommunale kraftselskap. Kraftstasjonen til Drage vart difor berre nytta til privat bruk av Drage sjølv. Det var overføring av strøm frå kraftverket til hus og verkstad i Ulvefaldene.
Drage gifta seg med Jenny Olga Ingvalda Johnsen i 1913, og dei fekk to søner og ei dotter. Familien Drage budde i Måløy om vinteren og i Ulvefaldane om sommaren.
I 1912 starta Per Mathias Drage ein privat skule i elektrofag for installatører ("Måløy Tekniske Aftenskule"). Skulen var treåring, og dei som tok eksamen fekk handverks-brev. Skulen dreiv han i 7 år, med ulike avbrot. Fram til 1917 dreiv han denne skulen i Måløy sentrum, men grunna brann vart skulen flytt til Ulvefaldane i 1917. I plan for Ingeniør Drages elektrotekniske skule går det fram at elevane, lærarane, hushalderske og pike budde i 2.etg på eigedomen på Ulvefaldane. Elevane vart oppmoda om å ta med råvarer som skulekjøkenet tok i mot til dagens pris. Skulepengar var 25 kr. i månaden og inkluderte kost og losji.
Drage dreiv også privat kino i same lokale som skulen i Måløy.
I Ulvefaldane dreiv Per Drage også m.a. med produksjon av varmeomnar og andre elektriske artiklar i mellomkrigstida ("Ulvesund elektriske fabrikk"). Drage hadde også steinknuseri, betongvarefabrikk, ein liten trevarefabrikk/verkstad for mindre trevarar, slipp og mekanisk verkstad i Ulvefaldane ("Ulvefaldenes slip og mekaniske verksted"). Han produserte murstein til Turnhallen og golv på Skram skule. Han tok også patent på hermetikkopnar. Han var også oppmålingssjef i Sør-Vågsøy kommune, og han hadde køyreskule i 1926.
Ing. Per Drage døydde i ein lungebetennelse han fekk etter ei oversvømming i Kraftstasjonen midtvinters.
-
Produksjon - 1938 (Trykt på publikasjonane)
- Produsent Christiania Glasmagasin
-
Aksesjon - 2005 — 2005
-
Relation
Classification
-
- Elektriske installasjoner OU 337
- Belysning OU 354.1
- Detaljhandel OU 443
- Salgsarbeide og reklame OU 446
References
-
- Digitale objekter NRK fylkesleksikon
- Digitale objekter NRK fylkesleksikon
License information
-
License
Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NFM.2015-00016-1
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published June 23, 2015
- Date updated October 18, 2018
- DIMU-CODE 021025887476
- UUID DCF37FB8-70C7-45EA-A95C-47B6090305E2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».