A part of
History
-
-
Bård Madsen Haugland var statsråd i Finansdepartementet i Johan Sverdrup si regjering frå 1884-1889.
Då Noreg gjekk i union med Sverige forsvann dei gilde uniformane frå dansketida. Raudt, gult, kvitt og grønt, vart erstatta med grått, svart og blått. Pynten låg i gullbroderi på mansjettar, kragar og ikkje minst hatt og sabel/korde. Den første statsrådsuniforma var blå med høg krage og gullbroderte eikeblad. Det var gyllen sabel med porte depee og gyllent geheng, sporer og trekanta, svart hatt med fjør. Seinare i hundreåret fekk ho den utsjånad som synes her. Kragen er stuttare og hatten er to-snuta, men det er gyllpynt på bukse, kjole og hatt.
Det var ulike meiningar om den utstrakte uniformsbruken for offentlege tenestemenn, politikarar og borgarar i førre hundreåret. Radikale kretsar såg han som jåleri. Det vart trua med å setje ned lønene til statsrådane så dei ikkje kunne bruka pengar på slik unødvendig fjas. Også mange konservative embedsmenn, særleg utover landsbygda, såg uniforma som ein stor, påtvungen kostnad.
Ved unionsoppløysinga i 1905 vart det slutt på dei fleste av desse uniformane.
-
Produksjon - (1884)
- Produsent F. Kaeding, Stockholm sikker
- Production place Sverige Stockholm sikker
-
Bruk - 1884 — 1889 (Statsrådsperioden for Haugland)
- Brukssted, sikker Norge Oslo Oslo Stortinget sikker
-
Eierskap
-
Classification
-
- Drakt, voksen, mann OU 291.41
- Spesiell drakt (brukes ikke) OU 292
- Stat og statsforvaltning OU 640
- Regjering OU 645
- Politisk atferd OU 660
Placement
References
-
- Litteraturreferanse For oppl. om dekoren sjå "Oldemors Pomponger" side 19.
License information
Metadata
- Identifier SF.006097-2
- Alternative name SF.6097b - Tidligere anvendt i egen institusjon
- Part of collection Sunnhordland Museum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Sunnhordland Museum
- Date published July 8, 2015
- Date updated January 17, 2020
- DIMU-CODE 021025898299
- UUID b06169af-3b07-44a4-b692-33c6824fbc84
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».