Part of exhibition
History
-
Dalakjedet er sett saman av 4 pengestykke, 1 stort og 3 små som er eit IIII march stykke og tre 8 skillingstykke. På eine sida av det store pengestykket står C5 med ei bladranke rundt, over monogrammet er ei krune. På andre sida er 3 løver i ein "krans" med krune over. Innskr.: "Danske IIII March. 1693.
På dei tre små pengestykka står:"1. Ei krune, 8s.1712. 2. Ei krune 8s. 1679. 3. Ei krune 8s. 1734. På andre sida:" 1. "Frid.IIII.DEI.GRAT med bilete. 2. Christ.V.DEI.GRA. m/bilete. 3. Frid.IV.DEI.GRAT. m/bilete."
Til dei små pengestykka er festa 2 runde lauv og eit trapesforma lauv med kross. Kjedet er laga av/sett saman av små, tynne ringar av sølv.
Dalakjedet høyrer til brureutstyret frå Gjerstad, som Sunnhordland Museum kjøpte i 1962 hjå Ovidia og Thomas Lunde i Ølen. Ovidia hadde med utstyret frå Gjerstad på Tysnes og etter tradisjonen skal det gå attende til Torkel Dalland som hadde fleire vellukka turar "på Nordland" og samla kapital til ei slik investering.
Sjå Sunnhordland årbok 1963.
Bruk
- Brukssted, sikkerNorge Hordaland Tysnes Sunnhordland 5696 Tysnessikker
Eierskap
Classification
-
- Smykker (Outline)OU 301
- Metallhåndverk (Outline)OU 326
License information
Metadata
- IdentifierSF.006150
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedJuly 8, 2015
- Date updatedJanuary 13, 2022
- DIMU-CODE021025898329
- UUID44fdc125-dcb2-430f-ace6-75bf92c12c5e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».