History
-
Eivind Kristoffersen Bolleng (1829–1890) var den fyrste amtsdyrlegen i Valdres. Han kom frå Fåberg i Gudbrandsdalen, studerte i Stockholm og vart utnemnd til amtsdyrlege i Valdres i 1852. Han budde i Jensestogun i Aurdal og vart raskt ein sentral person i bygda sitt sosiale og politiske liv. Bolleng var av dei få som hadde omgang med både husmannsfolket og dei kondisjonerte. Han hadde ei skarp tunge, og her fylgjer to vers av ei vise han dikta om livet i Aurdalsbyen:
Om Pigerne i Aurdal jeg og vil si et ord.
Jeg nevner ikke Navnet ei heller hvor de bor.
De strir af alle Kræfter at ligne Storfolk efter,
med Krinoline Skiørter og med Reisehat og flor.
Jeg noget og vil sige om den simple Bondedræng.
Han fjaser og han klær sig efter Kondisionerte slæng.
Med Trøie utaf Klæde, om Halsen Sølverkiæde,
og ennu meget mere som jeg ej beskrive kan.
Bolleng sto på småkårsfolk si side i dei politiske brytningane i tida, og innhaldet i brennevinskagga «Gulsi» vart nytta til å kurere både folk og fe. Best kjent er han for venskapen med forfattaren Knut Hamsun. Bolleng vart gravlagt på Aurdal kyrkjegard. Gravferda 17. mai 1890 samla heile bygda, og for å ære minnet hans reiste folk ein minnestein på grava hans.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF 05042
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedSeptember 19, 2015
- Date updatedSeptember 22, 2021
- DIMU-CODE021025932138
- UUIDda18b74f-f7a1-4173-9ef3-1cd867fdcde0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».