History
-
Tavle frå ”Kosa-skulen” (1819-1889)
Denne skifertavla er frå eitt av dei fyrste lærarseminara i Noreg. Skulen låg i Kviteseid og var fyrst plassert oppe i bakkane mot Brunkeberg. Borna nytta slike tavler som kladdebok i øvingsskulen. Dei bruka griffel når dei skulle skrive og rekne. Lærarseminaret kom i gang i 1819 og blei nedlagt i 1889. På folkemunne vart seminaret kalla ”Kosa-skulen”, etter staden der det låg.
Prestane Niels Windfeld (1735 – 1810) og Jens Zetlitz (1761 – 1821) har mykje av æra for at seminaret byrja i Kviteseid. Windfeld var bondeson frå Jylland og kom som kapellan til bygda. Seinare tok han over prestestillinga og blei prost i 1794. Han var oppteken av tankane i opplysningstida og ivra for folkeskule og lærarutdanning. Då han ikkje hadde arvingar etter seg, fekk han bygd opp eit legat på 1.000 Rdl. Det skulle ”tilhøre Hvidesøe Prestegjelds Skoleklasse”.
Jens Zetlitz vart Windfelds etterfylgjar. Han kom til Kviteseid i 1811 og heldt fram med arbeidet for ny skuleverksemd. I 1819 starta Kviteseid seminar med offentleg stønad. Bygningen låg nedafor Kyrkjegroven ved den gamle bygdevegen mellom Kviteseid og Brunkeberg. I 1846/47 vart skulen flytta til Sundbygdi (sentrum).
Den kjende diktaren Aasmund Olavsson Vinje gjekk på ”Kosa-skulen” i 1835-1836.
Bruk
- BruksstedNorge Telemark Kviteseid Brunkeberg Kåsisikker
Produksjon: 1819 - 1880
Classification
-
- Skrift (Outline)OU 212
License information
Metadata
- IdentifierKVB.0083
- Part of collectionKviteseid Bygdetun
- Owner of collectionKviteseid Bygdetun
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedMarch 19, 2016
- Date updatedJune 11, 2021
- DIMU-CODE021026335635
- UUID1ba22b2d-a412-4330-b3c3-7b796ce3fe1f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».