Eigedom: - STORE-OMTVEIT gnr. 81
I ein djup kvæv vestom Brunkeberg kyrkje ligg Omtveit. Det er som ei heil liti grend med fleire gardar og hus på større og mindre tomter. Men frå fyrst av var det berre ein gard -- og det er mykje som talar for at fyrste husestaden låg på den bratt flate, runde kollen rett sud for husi på Uppigard-Omtveit. Ein ser som ævor av ei jordtuft etter eit hus, og rundt om nedi skogen ligg små ækrelappar, nedgrodde av villgras og småskog. Det har vorte funne mange ting i jordi, så som leirkar og kvessestein til piler og pileoddar. Sumt er å sjå i oldsaksamlingi i Oslo.
Husi vart så flutte frå haugen og litt lenger i sudaust, omlag der nybygget åt Olav Omtveit no ligg. Her stod då husi i mange og lange tider. Mykje av jordet er halvflatt, ligg på ein sate ned mot elvi som kjem med foss og stryk og logne lonir ovan Morgedal. Står du ved den gamle husestaden ned i dalsøkket, vil du høyre som ein ideleg, sjogande dur eller óm frå elvi -- og det kan ha vore denne evige ómen som har gjeve garden namn. Det vart alltid skrive med o Omtveit.
No er det gissa på at namnet kjem av alm, jfr. O. Rygh. for dette treet har vakse triveleg i alle lier rundt i kring. Skrivemåten har ymsa noko frå Omtued til Omtwedt.
Det fyrste me høyrer om garden er i eit brev frå 1522, 24. 4., der Laurits Jakobson, prest i Seljord og Olaff Pedtersen og AIff Olaffsen, vitnar at dei såg og høyrde på eit jordbyte, der Tjostolf Trondson fekk 5 marka bol i Omtweeth i Brunkeberg m. a.
I eit brev frå 1537, 10. 11., vert desse 5 m. bol i Omtued tilkjent Andres Øysteison då det er hans rette odelsgods -- dette jattar og Tjostolf Trondson. Det var kome frå Andres folk med gifting og vore i uskyld ætt i lange tider. Tjostolf ha bytt det til seg med 5 m. bol i Ozim (Asheim i Seljord). Lagrettemenn er: Jesper Soffueson, lænmand i Skyen, Asser Kremmer, Tønnes Jyde, Reynolt Jonsson, Rasmus Michelson og Niels Oelsson.
Garden vart tidleg rekna fullgard (1647) med skyld 5 ¼ tn. 6 daler, men med den merknad «Ringe gård efter skylden». -- Fødsla i 1657 var 1 hest, 9 kyr, 12 sauer og 1 geit.
Eigarar og brukarar. Øystein heiter bonden i 1593, og så sonen Vigleik 1609-20 ver og etter han Øystein Vigleikson. (1584-1684). Han var lensmann og Omtveit lensmannsgard omkring 1650. Øystein var gift med Tore Asbjørnsdtr. Bjåland. Den fyrste tingboki for Kviteseid tek til med år 1664 og då er Omtveit fast tingstad framover. -- Ved folketelj. 1664 er Øystein 80 år med sonen Leidulf 20 år og Vigleik 14 år. Der er 2 husmenner, Oluf 22 år og Ådne 40 år. Leidulv skattar av garden til 1698, men flyt til Meås i Seljord, og Kjetil Leidulvson tek ved garden. Han døyr fyre 1746 og son hans Leidulv Kjetilson g.m. Margit Tallevsdtr. (Søftestad 28) får heimel på 2 ¼ tn. 28. 3. 1759.
Garden er no deila i tvo bruk -- Nordigard og Sudigard. Det heiter elles alt i 1632 at Vigleik er død «og hans gods bortbytt til arfinger.» -- Av den samla skyld på garden 5 ¼ tn., eig Øystein (lensmann) i 1681 4 ¼ tn. i Omtveit. Leidulv og 2 2/3 tn. i 1693 (i 1712 2 ¼ tn.) og Kjetil 2 ¼ tn. 1721-39.
Ein Torvild Leidulvson får heimel på 1 1/8 tn. 13. 6. 1740 og same dag får far hans 1 1/8 tn. i Omtveit. I 1770, 10. 12., får Torvild båe lutene, tilsaman 2 ¼ tn. Dette utgjer Sudigard. Men ætti deira går ut straks etter. (Sjå ættesoga s. 25).
På nordigard går ætti ut omlag samstundes -- med Leidulv Kjetilson og Margit. Han døyr 1802, og sonen Kjetil døyr ugift på Omtveit 1809. Ei syster åt Kjetil, Ingebjørg f. 1771 g.m. Halvor O. Huvestad overtek så Nordigard. Han sette inn som brukar Svein Tarjeison. (Austbø 2). Svein var komen frå Mo sokn og hadde vakse opp i tronge kår, men han var ein klok og tiltaksam. mann. På nordigard Omtveit var gjestgjeveri, og det gjekk slik til at Svein fekk mykje tilgode av husbonden sin for drikkevarer og så slo han til seg heile garden. I 1815-21 er Svein skriven for 2 tn. 7 ½ sett. i Omtveit. Kona hans heitte Gunhild Olavsdtr. (Skare 108). Svein har leivt etter seg ei dagbok som er sers forvitneleg og eit brev til pastor Herlofsen datera Omtveit 9. okt. 1830.
«År 1827 den 1. juni fik jeg Privilegium på at holde Gjestgiveri paa Omtvedt som før den Tiid har været holdt paa søndre Omtvedt.» (dagboki)
«Lidet oplyst, og uconfirmeret lod jeg mig hverve til Krigstieneste i Fredriksværn og da blev ansæt ved 2det Companie under hrr. Kapitain Budde og der fik nr. 82 i mit 18de aar, i hvilken tieneste jeg stod indtil aaret 1807 da jeg nød min afskeed fordi jeg havde afbrækket mit høire Kravebeen.» (brevet).
Svein sel nedre Omtveit til Nils Hansen Eidståen for 2000 spdr. i oktober 1855 og 8. 11. 1855 flyt han til øvre Omtveit. -- Denne garden hadde han hyst opp. Skylddelling 1 okt 185, del 2 tn. 7 ½ sett. vart bytt slik at Oppigard fekk 10 ½ sett. og Nordigard resten. Oppigard har gnr. 81 bnr. 1, og Nordigard som er hovudbølet fekk bnr. 2.
Nils Hanssen har garden til 1859, og sel han då til Søren Hakeson g.m. Margit Lavrantsdtr. (Råmunddalen 27.) (2. 4. 1859 flyt dei nye eigarane inn på garden og 18. 4. flyt Nils til Vik i Nissedal.)
Sonen Olav Sørenson g.m. Tone Torsdotter får så garden. (3 born) Dotteri Tone f. 1889 og gift med Toralv Gunnarson Brauti (Lønnegrav 45) er no eigarane av Nordigard Omtveit.
Til denne garden høyrer eit myllebruk nede i juvet. Kvennhuset er i brukbar stand endå, og under krigen var det mange som mol der.
35 mål dyrka jord (og 34 mål utmark) og 450 mål skog. Stoga ny, eldhus det same. Loftet gamalt. Løde og fjøs i god stand. Sjå Norske gardsbruk s. 917.
Treskosteinen er nord for garden ved den gamle vegen. Her tok kvrkjefolki og bytte skotøy når dei skulle til kyrkje.
Krikken er ein plass vestan elvi og har høyrt til Omtveit. Kanskje var det her at Oluff eller Ådne budde ved folketeljingi 1664. Der var det jamvel landhandel ei tid. -- Nemnast kan det at A. O. Vinje budde på Nordigard Omtveit den tid han gjekk på skulen i Brunkeberg i 1835-36.
Referanse 0829/81 Omtveit, Brunkeberg, Kviteseid, Telemark, Norge
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».