History
-
- Knut Loupedalen skriv i brev til Olav Dale 24/4-22, mellom anna: .. -Det er no mange aar sidan eg var ut på Heidi og skulde sanke virkje til ei bok om Sterkenils. Kom so til Dale og, daa eg hadde høyrt gjete han skulde hava skore handi si paa laavedynni der. Du var ikkje heime, men kjeringi. Laavedynni saag eg ikkje men i eit dikje frammanfyre fjosdynni laag nokre fjølar dei hadde til aa gange paa. Eg velta paa nokre av desse og finn so ei fjøl med ei stor hand paa. Eg var kje i tvil um handi. Spurde so kjeringi, um eg maatte hava fjøli. Ho stirde paa meg og smilde og trudde vist, eg hadde ikkje mine fulle fem. Jau fjøli maatte eg hava. Eg takka vyrdskleg, Vaska av ho lorten og bar ho med med upp til Fiskhyl. Der laag ho ei tid. Gjorde so seinare einsleisturn ei reise og henta ho...
-
Annet
-
Historisk person med tilknytning til verket/bildet/gjenstanden
Sterke-Nils (Nils Olavson Langedal)
tilskrevet
- History Sterke-Nils vart fødd på den vesle husmannsplassen Rulleteig i Brunkeberg. Alt som ung gut blei han lagt merke til for sin uvanlege styrke. Nils var eit snilt og godsleg menneske som prøvde å halde seg borte frå salgsmål. Men det var mange som ville prøve krefter med han. Då han gifta seg, rydda han plassen Langedal i Trollebotn på Seljorsheia. Det blir fortald at han bar fram tømmeret til stova på akslene. Det var mange som var misunnelege på Nils, både på grunn av styrken, men og fordi det gjekk han så godt i livet. Ein gong gjekk nokre av desse samen og skulle gjere han eit spikk. Dei fekk NIls til å hjelpe seg med å lyfte eit mastetre. Då Nils hadde fått godt tak i eine enden, slapp dei ander taket, og han blei ståande aleine med børa. Dette blei for mykje, sjølv for Nils. Han fekk brokk og blei aldri den same att. Fleire år seinare slo svogeren til Nils, Eivind Napastaa, Nils i hovudet med eit trestykke. Like etter døydde han av slaget. Han blei gravlagd på Seljord kyrkjegard, men grava hans blei ikkje merkt. Ved Seljord kyrkje står "Sterke-Nilssteinen". Denne 570 kilo tunge steinen lyfte Nils opp frå bakken. Den kjende bygdediktaren Jørund Telnes har skrive diktverket "Sterke-Nils".
- Fødested, Brunkeberg
- Alternative names Nils Olavson Langedal
- Gender Mann
- Nationality Noreg
- DigitaltMuseum Search in «Sterke-Nils (Nils Olavson Langedal)»
-
Annet
- Tidligere plassering Seljord Dale
-
Produksjon - 1800 — 1840
-
Produksjon
-
Produsent (K)

Classification
-
- Trearbeid OU 322
- Bygningsutstyr og bygningsdetaljer OU 355
- Personnavn OU 551
- Sagn OU 897
References
-
- Arkivreferanse Korrespondanse om fjøla i arkivet i Eidsborg.
License information
Metadata
- Identifier KVB.1113
- Part of collection Kviteseid Bygdetun
- Owner of collection Kviteseid Bygdetun
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published April 14, 2016
- Date updated August 14, 2019
- DIMU-CODE 021026388336
- UUID c71ae4bd-dd63-4c17-a806-973f38c4ea5a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».