History
-
Gregar Kaasine
Bøherad har hatt ein stor og rik spelemannstradisjon. Myllarspel og Fykerudspel har stått sentralt blant storspelemennene her i bygda som elles i Noreg. Men i Bø var det også mange spelemenn som ikkje var så kjente. Ein av desse var Gregar Kaasine (1856-1948). Han hadde eit noko enklare spel etter Jon Tambur, Gunnar Slåttedalen og andre spelemenn på heia mellom Hørte og Reshjem. Kanskje hadde dette spelet røtter attende til det gamle Hørteverket. Det var kortare slåttar i kvikk og lett dansetakt, og Gregar Kaasine var kjent som ein ypperleg dansespelemann.
Men Gregar Kaasine var med på dei to første kappleikane i Bø i 1888 og 1892. Han fekk fjerde beste premie i 1888 etter Lars Fykerud og Halvor Flatland, begge frå Bø, og Erik Øverland frå Seljord. Gregar Nordbø, som var ein av dommarane, sa om spelet hans: "behagelig, temmelig rent, smuk låt i felen, middelmådig indhold." I 1892 blei han tredje beste etter Leiv Sandsdalen frå Seljord og Halvor Mørkholt frå Bø. Dette tyder på at han i sine beste år har vore ein god spelemann. Elles spela han i svært mange bryllaup og dansetilstelningar.
I 1888 fekk Gregar Kaasine ei spiseskei og ei teskei i premie. Teskeia ser me på bildet. Ho blei gitt i gåve til Bø Museum i 2011.Asbjørn Storesund
Bø blad 29.03.2012
Aksesjon: 2012
Produksjon: 1888
Classification
References
-
- LitteraturreferanseStoresund, Asbjørn: Høyrer du Tårån? Meisterspelemannen Torkjell Haugerud
- LitteraturreferanseHenneseid, Stian: Bø-soga II, Band IV, side 379-381 Kåsine 9.81
- LitteraturreferanseSpel og dans. Folkemusikk og dans i Telemark.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierBØB.2012:0005
- Part of collectionBø museum
- Owner of collectionBø Museum
- InstitutionBø Museum
- Date publishedApril 29, 2016
- Date updatedJanuary 5, 2023
- DIMU-CODE021026400255
- UUIDab7efe95-a1be-450e-8378-05f69989c66c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».