History
-
Brugdekanon, produsert av Hendiksen Mek. Værksted A/S i Tønsberg, kjøpt av Gjevar; Magnus Oen ca 1948-49 av tidlegare eigar Bernt Johan Nilsen frå Blomvåg. Kanona stod då på M/K Greiping, ein 60 fots fiskebåt. Gjevar fekk kanona montert på sin båt, Andorra. (M/K, Andorra 65 fot med Wickman 450 maskin, byggd 1944 i Strømstad). Det vart drive fiske og brugdefangst frå Mai til September. brugda var mellom 15-40 fot og det var kun levera som var nytta som mat. Den største levera som Magnus hugsar var 1170 kg, (Ca 10-12 tønner) Brugda vart ikkje nytta som mat i Øygarden. Magnus har aldri spist dette kjøtet som inneheld mykje ammoniak. Kjøtet må, dersom det skal nyttast til menneskemat, etast heilt ferskt. Under krigen vart brugdekjøt selt som mat på torget i Bergen. Kring 1975 vart det etterspurnad etter etter finnane på brugda. Desse vart eksportet og gav gode inntekter.
Når dei skulle på brugdefangst var det vanleg å utruste seg for tre veker. På brugdefiske var det naudsamt med stille stabilt vær med god sikt. På Andorra var det eit mannskap på fire mann som skifta om arbeidsoppgåvene, sitte i tønna og halde utkikk. stå til rors, vera i maskina eller byssa, mens skytterjobben var det berre ein som hadde. Magnus hadde båten fram til ca 1984 då den vart kondemnert.
Bruk: 1948 - 1984 (Opplysningar gitt av gjevar.)
Kval kanon; har vore nytta av Magnus Oen på M/K Andorra til brugdefangst.Produksjon: 1920 - 1940
Hendiksen Mek. Værksted A/S i Tønsberg
Classification
-
- Jakt og fangst til havsOU 225
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierØM.03447
- Part of collectionKystmuseet i Øygarden
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKystmuseet i Øygarden
- Date publishedSeptember 6, 2016
- Date updatedFebruary 15, 2019
- DIMU-CODE021026540424
- UUID8cea07ad-635c-4756-a3fc-3e35c1d8601e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».