A part of
History
-
-
Frå temautstillinga "Kaffikoppens kulturelle kraft" (2001):
"Med smakfull, sunn kost på matsetelen blei den første Kaffistova opna midt i borgarskapets rosebed i Oslo sentrum 8. september 1901. Kaffistova utretta meir enn å fornye den norske kafématen. Kaffistova blei møtestad for innflyttarar og gjorde den nye nynorske skriftkulturen til ein synleg del av bybiletet.
Kaffistovene er lagsbruk, forretningstiltak som i si tid var eigde av lokallag i Noregs Mållag og/eller Noregs Ungdomslag, men som no er sjølvstendige. I sine beste år var lagsbruka ei nynorsk setelpresse som finansierte ei rekkje tiltak. Kvar kaffikopp var som ein ny drope i nynorskens beger. Kaffikoppens kulturelle kraft har sett djupe spor i norsk kulturhistorie.
Frå og med 1901 har minst 140 kaffistover vore i drift på nær 90 stader over heile landet. I dag er ti kaffistover i drift. Lagsbruka gjorde målsak til bysak lenge før der kom nokon nynorsk parallellklasse i storbyane, men makta likevel ikkje åleine å gi nynorsken fotfeste i bymiljøa. Der kom kaffikoppens kulturelle kraft til kort."
-
Bruk - 1925 — 1945 (Logoen "Solfuglen" skal ha vore i bruk frå 1925. I logoen står også namnet på staden: Bondeheimen Flekkefjord. )
-
Produksjon - 1925 — 1940 (Datering på produksjon er usikker. )
-
Aksesjon - January 1, 2001 — December 31, 2001 (E-post frå Eirik Helleve 21.9.2016)
Serviset vart opphavleg lånt frå Kaffistova i Flekkefjord i samband med utstillinga "Kaffikoppens kulturelle kraft" frå 2001, men vart seinare gjeve i gåve til Ivar Aasen-tunet. -
Fotografering - September 21, 2016
-
Fotograf
Aanes, Anders
sikker
- Profession Dokumentasjonsleiar
- Gender Mann
- DigitaltMuseum Search in «Aanes, Anders»
-
Classification
References
-
- Litteraturreferanse Nynorsk kultursentrum (2001): "Kaffikoppens kulturelle kraft". Temautstilling
License information
- License Copyright
Metadata
- Identifier IAAM-0288-1
- Part of collection Ivar Aasen-tunet
- Owner of collection Nynorsk kultursentrum
- Institution Nynorsk kultursentrum
- Date published September 22, 2016
- Date updated March 1, 2024
- DIMU-CODE 021026554471
- UUID 0b1e617e-7462-430c-88c6-be01d7d7faca
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».