A part of
History
-
Frå temautstillinga "Kaffikoppens kulturelle kraft" (2001):
"Med smakfull, sunn kost på matsetelen blei den første Kaffistova opna midt i borgarskapets rosebed i Oslo sentrum 8. september 1901. Kaffistova utretta meir enn å fornye den norske kafématen. Kaffistova blei møtestad for innflyttarar og gjorde den nye nynorske skriftkulturen til ein synleg del av bybiletet.
Kaffistovene er lagsbruk, forretningstiltak som i si tid var eigde av lokallag i Noregs Mållag og/eller Noregs Ungdomslag, men som no er sjølvstendige. I sine beste år var lagsbruka ei nynorsk setelpresse som finansierte ei rekkje tiltak. Kvar kaffikopp var som ein ny drope i nynorskens beger. Kaffikoppens kulturelle kraft har sett djupe spor i norsk kulturhistorie.
Frå og med 1901 har minst 140 kaffistover vore i drift på nær 90 stader over heile landet. I dag er ti kaffistover i drift. Lagsbruka gjorde målsak til bysak lenge før der kom nokon nynorsk parallellklasse i storbyane, men makta likevel ikkje åleine å gi nynorsken fotfeste i bymiljøa. Der kom kaffikoppens kulturelle kraft til kort."
Bruk: 1925 - 1945 (Logoen "Solfuglen" skal ha vore i bruk frå 1925. I logoen står også namnet på staden: Bondeheimen Flekkefjord. )
Produksjon: 1925 - 1940 (Datering på produksjon er usikker. )
Aksesjon: January 1, 2001 - December 31, 2001 (E-post frå Eirik Helleve 21.9.2016)
Serviset vart opphavleg lånt frå Kaffistova i Flekkefjord i samband med utstillinga "Kaffikoppens kulturelle kraft" frå 2001, men vart seinare gjeve i gåve til Ivar Aasen-tunet.Fotografering: September 21, 2016
- FotografAanes, Anderssikker
- ProfessionDokumentasjonsleiar
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Aanes, Anders»
Classification
References
License information
- License Copyright
Metadata
- IdentifierIAAM-0288-2
- Part of collectionIvar Aasen-tunet
- Owner of collectionNynorsk kultursentrum
- InstitutionNynorsk kultursentrum
- Date publishedSeptember 22, 2016
- Date updatedMarch 1, 2024
- DIMU-CODE021026554472
- UUID39d509cf-a1a0-4da2-9486-b5a473f51d02
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».