Part of exhibition
History
-
Horn er lett å forma. Først tek ein vekk beinet som er inne i hornet og kappar av den harde spissen. Til hornskeier blei hornet delt på langs. Sidan varmar ein hornet langsomt opp, anten i vatn, eller over open eld. Hornbeten blir sett i press for å få den rette bogen på skeibladet. Etter eit døger kan ein forme skeia, pussa og polere henne.
Hornskeia blei brukt til å eta velling, suppe og graut. Slike skeier laga av horn og tre var vanlege fram til 1800-talet. Ordet skei har i norske dialegtar mange ulike nemningar som beinskei, etaraskei, grautskei, hornskei, mellomskei, spiseskei, spon(skei av tre), suppeskei og treskei.
Vaskar du ei hornskei i vatn kan den missa fasongen. Tidlegare var det vanleg at kvar og ein hadde si personlege skei, med fast plass. Det kunne vera ein sprekk i veggen. Etter bruk slikka brukaren godt av skeia si og sette ho på plass igjen til neste måltid.
Classification
-
- Animalske biprodukterOU 237
- Matens servering og fortæringOU 264
- Arbeid i bein, horn og skjellOU 321
- HornskeimakerOU 321.1
License information
Metadata
- IdentifierSF.006587
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedJanuary 11, 2017
- Date updatedAugust 2, 2019
- DIMU-CODE021026856064
- UUID435fe895-7f2e-452f-adbc-3c2ee2ab43b7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».