Asymetrisk trapesforma segl i kraftig brunt bomulsstoff, festa med tau til ei rund stang (rå), som har vore blå. På sida mot råa og på den kortaste langsida er seglet forsterka med tau. Det er det også kring dei to andre hjørnene, der det også er lagt inn jarnringar. Botnsida på seglet er svakt avrunda. Det er ikkje tydeleg merke av at seglet har vore festa til mast.
Seglet er lappa eit par stader, men i god stand.
Dette er truleg eit såkalla asymetrisk råsegl, som var ein del nytta på nordfjordbåtar.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum