Opphengssystem for elektrisk lys der alt heng i saman. I eine enda lyspærehaldar med iskrudd lyspære og med lampeskjermhaldar. Lampeskjermen er ikkje med. Det er svart på/av-brytar på lampeskjermhaldaren. Leidning ut i frå denne som er gummiert. Gummien er morken. Den gummierte ledningen går gjennom eit hol i eit lodd av porselen, over to trinser (også porselen) og opp i ein takrosett (i porselen). Takrosetten har krok til feste i taket. Ut i frå takrosetten går ein ny leidning som er tvunne saman av to tekstilkledde leidningar. Inni takrosetten er to skruer der den gummierte leidningen er opna og delt i to, og kvar del er fest inn under kvar si skrue. På andre sida av skrua er den tekstilbelagt leidningen delt i to og stukke inn. Det er altså ei kobling her.
Photo:
Nordfjord Folkemuseum