Dørring i jern med mønster i rute, skråstrek og kors på ringens overside. På ringens toppunkt mot hank/rør, er det forma to drakehovud som bit i kvar sin haleende. Original-beslaget høyrer til ei dørring-gruppe som blir kalla drakebeslag, og som ein finn i Valdres og Sogn.

Eit firkantbeslag omkransar ringen og viser dyrescener i til saman åtte spaltar/felt. Dei vertikale beslaga på kvar side har avslutning med menneskehovud. Ein ståande figur sentralt over beslaget. Ein kross sentralt under beslaget. Fire drakhovud skyt ut i kvart sitt hjørne.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to