Trøye i svart kypertvove tøy med ei rynka (stripa) kappe nederst. Figursydd med to innsnitt på kvar side på frammstykket. Svinga sidesaum på kvar side av midtsaumen bak. Utringa framme og med sydde prikkesting rundt halsen og midt framme. Bakovertrekte skuldersaumar. To messinghekter og hemper i opninga. Todelte trange ermar med splitt framme som er kanta med brun fløyel. Messingknapp og knappehol i splitten.

Livet og ermane er fòra med bomullslerret.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to