Stor eihands tømmersvans, ein sagtype som vann innpass i norsk skogbruk i første halvdel av 1900-talet. Breidda på bladet er minst i ytterspissen (5 centimeter), men aukar bakover og og er breiast (12, 5 centimeter) cirka 25 centimeter framfor handtaket, slik at tanningslinja er noko bua. I den fremste enden av bladet er det eit hol, truleg for at saga kunne hengast opp når den ikkje var i bruk. Handtaket av tre er festa til sagbladet i ein sliss med tre gjennomgåande skruer. Handtaket har også eit hol for oppheng. Det er lakka, og lakken er delvis avsliten.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum