100
Brudekrone, nylaga. "Pull" truleg med botn av stiv kartong og kledd med kraftig raudt klede. Påsydd (frå nedkant og oppover) eit band med satenbotn lasert blondemønster og påsydd kvite glasperler, ein sylvknippling og eit perlebendel. Perlebendelet er tredd med glasperler i svart, kvitt og orange.Sjølve krona er oppbygd rundt eit stativ av stål, raulakert. Heile stativet er dekka av glasperler i ulike fargar.Inni kvart "rom" er det eit kvaderat sydd raudt klede og pryda med glas- og stavperler åttebladrose-mønster på begge sider, alle kvaderata er like og dei er montert på høgkant. I tillegg er det ein del ulike heng frå øvre kant av krona, her er det nytta ulike typer glasperler. På toppen av krona er det festa små duskar av laustvinn, raudt ullgarn i kvartskjæringspunkt. Inni krona, over hovudet ligg eit ubleika band i kryss og i krysset er det sydd fast ein rosett. Bak på krona er det 7 heng av ulike band. På kvar side er det "øyrepynt". Frå sida og bakover er det 11 heng med ulike typer perler.
Photo: Vest-Telemark Museum
Accept license and download photo