Blonde i Telemarksbinding med frynser langs eine langsida. Frynsene er knytt i vippur. På botngitteret er det itredd dobbel tråd som dannar romber på langs, desse er fylte med små ...
Blonde i Telemarksbinding med frynser langs eine langsida. Frynsene er knytt i vippur. På botngitteret er det itredd dobbel tråd som dannar romber på langs, desse er fylte med små ruter laga med laustvinna tråd. Frynsene stoppar 9 cm frå kanten på den eine langsida. I den fyrste registreringa står:
"Det tyder på at bården er bruka på ein duk, og må truleg vera ifrå tidleg i 1700-åri." Men, sidan blonda har frynser i bomull er den truleg yngre, antakeleg frå etter 1813 (oppheving av importforbodet av bomull til Norge), om då ikkje frynsene er påsett sekundært og at blonda i såfall er eldre Slike blonder vart også bruka til kant på hatteklede (kasteklede) og kyrkjeplagg.
Add a comment or suggest edits