100
Teppet er vove med rosa, beige-grøn, brun og blått eittråds plantefarga ullgarn og lingarn på ein toskaftsvove linbotn i skilbragdteknikk. Det er sett saman av to vevbredder som er sydd saman langs midten av teppet. Tafs i alle sidene (langs kortsidene er dei påsauma, medan langs langsidene er det innslagstråane som dannar løkker. Teppet har ein "spegel" midt på, eit kvadrat med fire mindre kvadrat plassert utanfor alle fire hjørna (valknute). Desse er "smetta" inn i vevnaden. Det er, sekundær,t sydd på eit bomullsband som dannar løpegang for oppheng. Lappa på to stader med heimevove linstoff. Teppet er blitt bruka til kisteteppe.
Photo: Vest-Telemark Museum
Accept license and download photo