A part of
History
-
-
Se historikk til en lik medalje: ISM.01734 i Ishavsmuseet Aarvak (Digitaltmuseum.no)
Den 1. september 1928 var D/S "Brodd" av Hareid på veg heim fra kveitefiske ved Bjørnøya. Då dei var på høgde med Fugleøya utanfor Tromsø, oppdaga dei noko dei trudde var ei kantra jolle som låg og flaut i sjøen. Dei stoppa og tok gjenstanden ombord, noko som viste seg å vere ein av flottørane til flyet "Latham" som hadde vore sakna etter at det drog ut på leiting etter Umberto Nobile.
Den franske flygaren Renè Guilbaud og tre andre franskmenn, i lag med Roald Amundsen og en annan nordmann, forlot Tromsø den 18. juni 1928 på leiting etter Umberto Nobile. Flyet vart seinare sakna, og mannskapet aldri funne. D/S "Brodd" gjekk inn til Tromsø og varsla om funnet, noko som skapte stor oppsikt i byen og langt vidare enn det. Skodelystne og journalister samla seg i store flokkar på kaia dagen etter då nyhendet vart kjent, og skipper Asbjørn R. Hareide på "Brodd" vart boren på gullstol rundt omkring.
Det vart utlova ein dusør på 10.000 norske kroner til den som kunne sikre bevis frå flyet, og den franske marine utstedte en medalje til ære for den franske flygeren Guilbaud og Amundsens leiting etter Nobile.
Seinare på hausten i 1928 fekk kvar av mannskapet på "Brodd" utbetalt av dusøren, som utgjorde 775 kroner pr. mann ombord. Alle mannskapsmedlemane fekk og kvar sitt eksemplar av medaljen fra den franske stat.
-
Eierskap
-
Produksjon - Støpt
- Produsent Rives, H. M. sikker
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier BSJ.05313-1
- Part of collection Bergens Sjøfartsmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Bergens Sjøfartsmuseum
- Date published August 22, 2019
- Date updated August 4, 2023
- DIMU-CODE 021028387430
- UUID 7b0f8ffa-323b-4546-bb87-af66b48e056d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».