Foldeskjørt og jakke av "einskjeftety". Skjørtet (a) har parallelle folder i 2 cm breidde og er festa til eit liv med ubleikt og grått lerret m/krok/lykkje-opning bak. Livet har eit påsydd bryststykke av skjørtestoffet som syner under jakka. Skodning nedst av grått bomullsstoff.
Jakka (b) har opning i front og laus "matroskrage" påsett med trykknappar. Erme rynka til skuldersaum (skinkeerme) og har 5 legg ved handleddet. Svart silkeband festa under kragen på jakka. Lukking med trykk-knappar. Bolen fora med mørkeblått bomullstoff med blå nålestriper. Sydd av gjevarens kjole som barn, ca. 1900 - 1905.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum