History
-
-
Munnharpa (med tilbehør) vart kjøpt/erverva av Knut Lauvrud (1921–2002) frå Øystre Slidre. Under følgjer minneordet (1) etter Knut, skrive av venen Jul Haganæs i årbok for Valdres 2003, og omtale (2) på nettstaden www.lagsbruk.no.
(1) Knut var frå Volbu i Øystre Slidre. I ungdomsåra dreiv han med gardsarbeid, han var på anlegg, og han sat på kontor. Han kom tidleg med i det frilynde ungdomsarbeidet i heimbygda. I 1936 var han for første gong med på eit landsstemne i Noregs Ungdomslag.
Vinteren 1939–1940 gjekk han på Agder folkehøgskule, og frå 1946 til 1950 var han tilsett som reiseskrivar i Vest-Agder Ungdomslag og Vest-Agder Mållag. Frå 1955 var han fast tilsett som reiseskrivar i Noregs Ungdomslag. Han var den første som hadde denne stillinga, og han fekk også andre viktige funksjonar innan denne samskipnaden.
Men sjølv om Knut for det meste kom til å arbeide på landsplanet, fekk han også tid til mykje verdfullt kulturarbeid i heimbygda Øystre Slidre. Han var ihuga med i både historielag, mållag, idrettslag og husflidslag. I 1980-åra var han kultursekretær i Øystre Slidre kommune, og den stillinga hadde han til han vart pensjonist i 1988.
Knut var gift med Randi Tufto frå Hol i Hallingdal. I henne fekk han ei framifrå kvinne ved sida si. Randi er ei sterkt kulturmedviten kvinne som fullt ut delte interessene hans. Dei bygde seg ein fin heim i Volbu.
Knut Lauvrud førde ein god penn, og i unge år var han journalist i Hallingdølen ei tid. Men som alt nemnt, vart det særleg den frilynde ungdomsrørsla som fekk nyte godt av arbeidet hans. Som reiseskrivar i Noregs Ungdomslag var han rundt hjå einskildlaga i heile landet. Det var to valdrisar med namnet Knut som i Noregs Ungdomslag gjorde ein innsats dei vart landskjende for: Knut
Lauvrud og Knut Hauge. Den sistnemnde var som kjent formann i denne samskipnaden i fleire år. Og det var desse to Knut-karane frå Valdres som hadde ansvaret for det som vart kalla «Kystferda 1951». Då reiste dei etter heile kysten nordover med ymse kulturinnslag, som til dømes kino-framsyningar og foredrag.
Knut Lauvrud var stillfarande og smålåten. Men det var noko bergfast og sterkt ved han som gjorde at ein fekk djup vørnad både for mannen og det han stod for. Han hadde ei framferd og ein stil som gjorde at han lett nådde fram både til den einskilde og til dei store publikum. Difor var han som skapt til å arbeide som organisator og instruktør i den frilynde ungdomsrørsla, i ei tid då denne rørsla hadde stor framgang og var ein sterk faktor i det norske åndslivet.
Om Knut hadde skrive ned og publisert sine livsminne, kunne det vorte ei forvitneleg bok av det. Han hadde opplevd så mange ulike tilhøve på reisene sine, og då særleg i utkantane, frå fjordarmar til fjellgrender rundt omkring i landet. Han hadde vorte kjend med så mange særmerkte og interessante menneske at det var ei oppleving å høyre på når han fortalde. Og han var ein framifrå forteljar, med ein logn og fin humor som skapte fest og moro i så mangt eit lag. Dette siste kom tydeleg fram i ei fengslande stemnetale han heldt berre stutt tid før han døydde. Det var på landsstemna åt Noregs Ungdomslag, som i 2002 var på Beitostølen.
Naturleg nok vart skriftkulturen eit område der Knut Lauvrud kom til å gjera ein framifrå innsats. Han la ned mykje arbeid i ymse jubileumsbøker, men her skal særleg nemnast det store arbeidet han gjorde som redaktør for det årlege juleheftet som Valdres Ungdomslag gir ut. Det var særleg gjennom dette eg vart personleg kjend med Knut, og eg forstod snart at han var eit funn som redaktør. Eg vart imponert over all den omhug han la i dette arbeidet. Han sytte for at stoffet vart presentert med omframt fint utstyr. Når eg til dømes hadde dikt i heftet, fann han alltid fram illustrasjonar som var som støypte til innhaldet. Eg har brukt å sende dette heftet til ein del vener, og mellom dei er professor Leif Mæhle som har mange lovord å seia om «Jul i Valdres».
Det er så mykje som burde bli skrive om Knut Lauvrud at det kan ikkje bli plass til det i nokre minneord. Til dømes om innsatsen hans som idrettsmann. Han var ein allsidig friidrettsman, og i høgdehopp var han mellom dei fremste i Valdres. Eg trur det var på ei idrettsstemne på Raubrøtmoen i Øystre Slidre at eg møtte han første gongen.
Knut Lauvrud vart for ein del år sidan heidra med Kongens fortenestmedalje, og det var ei inderleg og vel fortent påskjønning, til ein av dei gjevaste menn vi har hatt her i Valdres. Då åndsfrenden Trygve Bjørgo var gått bort, skreiv Knut at det var eit stortre som hadde falle. Denne karakteristikken høver framifrå også ved hans eigen bortgang. Fred over minne ditt, kjære Knut.
(2) Knut Lauvrud (1921–2002) vaks opp i ungdomslaget Fram i heimbygda Øystre Slidre, og han hadde det meste av arbeidsdagen sin i og for den frilynte ungdomsrørsla. Under krigen hadde han medansvar for at boikotten mot det nazifiserte Noregs Ungdomslag blei så effektiv i Valdres. Frå 1946 til 1950 var han reiseskrivar i Vest-Agder Ungdomslag og Vest-Agder Mållag. I 1951 hadde han – saman med Knut Hauge – ansvaret for «Kystferda 1951», der dei reiste heile norskekysten nordover med kinoframsyningar, talar og andre kulturinslag. Fast tilsett i NU frå 1955 – mellom anna med ungdomshus som fagfelt. Dei siste yrkesaktive åra hadde han i heimekommunen som kultursekretær – og seinare kultursjef.
-
Bruk
-
Bruker
Lauvrud, Knut (1921 - 2002)
sikker
- Tilholdssted, Norge Oppland Øystre Slidre Valdres
- DigitaltMuseum Search in «Lauvrud, Knut»
- Brukssted Norge Oppland Øystre Slidre Valdres Volbu sannsynlig
-
Downloads
- File attachments Originalt aksesjonsskjema 7/2016 50929
References
-
- Litteraturreferanse Haganæs, Jul 2003: Minneord Knut Laurud, Årbok for Valdres 2003
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF 20022
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published December 10, 2019
- Date updated November 1, 2023
- DIMU-CODE 021028467775
- UUID 8c96757c-934e-4ea0-84f0-b7e16760d3d9
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».