100
Den gamle, store bjørka i Ivar Aasen-tunet var det nynorske tuntreet. Ved sida av kongebjørka i Molda må dette ha vore den mest kjende bjørka i landet. Ivar Aasen skildra treet som eit barndomsminne i diktet "Gamle grendi" i 1863: "Tett med Stova stod ei Bjørk so breid, / der hadde Skjorerna sitt gamle Reid." Treet hadde ein v-delt stamme, og då bautaen vart reist på plass i 1898, skal bjørka ha vore brukt som feste for taljene. Med råd frå Noregs landbrukshøgskule vart treet vølt i 1972. Under stormkast i 2004 vart ein stamme knekt, og den andre skranta. Nokre store greiner vart saga bort for å sikre balansen, men treet kunne ikkje reddast. Restane av Storebjørka vart tekne ned 16. november 2005. Tuntreet må ha vorte minst 200 år gamalt. Greiner med nye skot frå Storebjørka vart sende til Biri planteskole, og det vart der klona fram nær 300 plantar som er genetisk likt morstreet. Til Dei Nynorske Festspela 2007 leverte Biri planteskole nærare 300 plantar med nummerert og signert sertifikat. Det finaste eksemplaret vart planta der den gamle bjørka stod. Den aktuelle treplata er tynn og sirkulær med bark kring trevirket. Kjelde: Ottar Grepstad: "Ivar Aasen-tunet gjennom 200 år. Minnebok 30. april 2008", s 9-10.
Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum
Accept license and download photo