History
-
Åsnes Skifabrikk starta produksjonen sin i 1922. Då var det fire brødre som starta opp produksjon i liten skala. Arne Åsnes fekk jobb på LC Hagens skifabrikk i Oslo i 1910, og fekk etter kort tid selskap av tre av brødrane sine. Produksjonen starta med produksjon av tre ski og utvikla seg til laminetre ski, glasfiber og seinare modne høgteknologisk skiproduksjon på industriell basis. Åsnes gjekk konkurs i 1998. i 199 vart Åsnes Ski starta og førde med dette namnet vidare. Produksjonen er nå flytt til Sverige.
Desse skia vart brukt på Jubileumsekspedisjonen Sørpolen 1911-2011. Denne ekspedisjonen var sett saman av Jan-Gunnar Winter, Harald Dag Jølle, Stein P. Aasheim og Vegard Ulvang. Dette var ein av fleire ekspedisjonar dette året (2011) i samband med at det då var 100 år sidan Roald Amundsen kom fram til Sudpolen. Dette er Vegard Ullvang sine ski. Vegard Ullvang er ein norsk skiløper og skileder. han er gift med Grete Ingeborg Nykkelmo. Leder av langrennskomiteen i Det internasjonale skiforbundet (FIS) fra 2006. Han har vunne i alt 14 OL/VM-medaljer i langrenn i perioden 1987–94, derav 5 gull, 4 sølv og 5 bronse. Olympisk mester på 10 km, 30 km og i stafett i 1992, OL-sølv på 15 km jaktstart. Verdensmester i stafett i 1991 og 1993. I tillegg tok han OL-bronse i 1988, VM-sølv i 1989, VM-bronse i 1991 og VM-sølv i 1993 på 30 km, VM-bronse i 1993 på 10 km, VM-bronse i 1989 på 15 km, og OL-sølv i 1994 og VM-bronse i 1987 i stafett. Han avla den olympiske eden under åpninga av OL i Lillehammer 1994. Han vann verdenscupen sammenlagt sesongen 1989/1990, tok annenplass 1988/1989 og 1991/1992 og tredjeplass 1990/1991 og 1992/1993. Tildela Holmenkollmedaljen 1991 og Sportsjournalistenes statuett 1992. Han la opp som skiløpar i 1997 og starta Ulvang, som er et firma innen sportsbekledning.
Rottefella er ein av dei ledande produsentane av skibindingar i dag. Desse bindingane vart fyrste gong presantert i 1927, og var då den fyrste tåbindingen. Mannen bak var Bror With. Etter dette har bindingen utvikla seg mykje. På desse skia står ein type binding som heiter NNN-BC. Dette er ein binding med manuell opning, og Rottefella sitt New Nordic Norm system.
Classification
License information
Metadata
- IdentifierNSE.0661
- Part of collectionPrimus
- Owner of collectionVest-Telemark Museum
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedFebruary 29, 2020
- Date updatedFebruary 29, 2020
- DIMU-CODE021028536934
- UUIDb666c1fe-d38d-4520-95dc-a19a023757b1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».