History
-
I 1913 fekk Peter Østbye patent på ein skismøring som både gav feste i motbakkar og bedre glid. Dette var starten på skismurningsfabrikken Østbye skiwax. Peter Østbye starta seinare (i 1935) Splitkeinfabrikken. Dette var ein fabrikk som produserte lima treski (fra engelsk: split cane). Fabrikken blei overtatt av Laila Schou Nilsen i 1947. Splitkeinfabrikken måtte legge ned drifta kring 1970, då konkuransen frå importera glasfiberski vart for sterk.
Rottefella er ein norsk produsent av skibindingar og ein av dei leiande produsentane på dette området. Oppfinnaren av den fyrste Rottefellabindingen var Bror With i 1927. Etter olympiaden i St. Moris i 1928 blei dette raskt ein standar binding for langrenn.
Produksjon
- Produsent (K)Splitkeinfabrikkensikker
- History
Peter Østbye og brørne hans starta skifabrikk tidleg på 1900-talet i Brugata 3c. I 1919 skilde brørne lag som forretningspartnarar, men Peter overtok Brugata 3c. Her utvikla han på 1930-talet landets største skifabrikk, nemleg Splitkeinfabrikken. Østbye kaupte i 1935 patent på ski med splitta såle i seks-åtte delar av Bjørn Ullevoldsæter. Limeprinsippet minna om "split cane" som på engelsk blei nytta om limte fiskestenger, og Østbye insistera på å skrive med "k" for at namnet skulle lyde norsk.
Thor Gotaas skriv at «Splitkein var et utklekningssted for skiløpere og skimakere». Utøvarane stakk innom Brugata 3c «vel vitende at Østbye spanderte middag og ga godkjøp mens de snappet opp utstyrsnytt og annet sladder.» På fabrikken i Brugata ansatte Østbye fleire av landets beste skilauparar, blant anna Oddbjørn Hagen og Bjarne Iversen. Firmaet Splitkeinfabrikken var einefabrikant av Splitkeinski, som fekk Grand Prix på Verdensutstillinga i Brüssel i 1935.
I 1947 kaupte Laila Schou Nilsen og Fridtjof Riberg Østbyes Salgskontor (etablera av Peter Schou Østbye i 1935, skifta namn til Splitkeinfabrikken i 1937), og det nye namnet blei Splitkeinfabrikken Laila Schou Nilsen & Co. I 1950 gjekk fabrikken saman med Alme og Brodahl til "De Forenede Skifabrikker" og fekk hovudsete på Hønefoss. Bedriften laga og hagemøblar, campingutstyr og seilbåtar. (ref www.industrimuseum.no, Gotaas (2007)).
I 1970 blei Splitkeinfabrikken innlemma i A/S Norske Skiprodukter, som også tok over Bonna Skifabrikk på Geithus. Norske Skiprodukter oppretta ein fabrikk i Canada, og denne produsera Splitkeinski i nokre år på byrjinga av 1970-talet. Ca. 1973/1974 tok Freia AS over lisensen for Splitkein, og skia blei produsera ved ein fabrikk i Tsjekkoslovakia. Kraft General Foods kaupte Freia i 1993, og dermed eigde dei også merkevaren Splitkein. Fischer har pr i dag rettigheitene til produksjon og distribusjon av Splitkeinski, og dei produserer skia ved Fischer-fabrikken. (ref Finor AS, jan 2011).
- Adresse,Norge Oslo (fylke) Oslo Storgt 38
- Adresse,Norge Oslo (fylke) Oslo Brugata 3C
- Adresse,Norge Buskerud H�nefoss
- ProfessionSkifabrikk Skimakar
- Alternative namesBrødrene Østbye De Forenede Skifabrikker ((ifrå 1950)) Splitkein Splitkeinfabrikken Laila Schou Nilsen & Co ((ifrå 1947)) Østbyes Salgskontor
- NationalityNoreg
- DigitaltMuseumSearch in «Splitkeinfabrikken»
- History
Produksjon
- Produsent (K)Rottefella ASsikker
- HistoryDen norske ingeniøren, oppfinnaren og industrialisten Bror With (1900 - 1986) skapte den fyrste justérbare skibindingen i 1927. Han bruka bindingane i eit skirenn der dåverande Kronprins Olav var til stades. Han tok ein kikk på dei merkelige bindingane og spurde Bror kva i all verda han hadde på skia. Oppfinnaren svara kvikt: - Å, det er berre nokre rottefeller eg kaupte i jernvarehandelen. Bindingane viste seg å bli ein suksess og namnet ’Rottefella’ var ein realitet.
- Adresse,Norge Buskerud Hurum Klokkarstua
- ProfessionSkiutstyr
- NationalityNoreg
- DigitaltMuseumSearch in «Rottefella AS»
Relation
Classification
License information
Metadata
- IdentifierNSE.0948
- Part of collectionPrimus
- Owner of collectionVest-Telemark Museum
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedMarch 14, 2020
- Date updatedMarch 14, 2020
- DIMU-CODE021028548367
- UUID09b3c6d8-c211-4658-9466-4ec065bf1425
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».