Skjorte til lite barn. Bolen har runda halsopning og løpegang for knyteband. Brei blondekant er påsydd rundt halsopninga. Skjorta er sydd i lerretsvevd bomullstekstil. Ermer og bol er sydd i eitt stykke med bretting på skuldrene. Ermene har påsett smal blondekant ved handledda. Løpegang med knyteband innanfor blonden. Bolen har rett form med opning framme til nedom midten, der framstykkene er sydd saman. Sidesaumane har splitt i nedkant. På venstre side er det sydd på eit rektangulært stykke tekstil både framme og bak. Desse dekker ei rift som går frå framsida, under ermet og bak på ryggen.
Photo:
Hordamuseet