Krutthorn i bein med kolrosing. messingtråd rundt tuten.Kolrosing med blomstermotiv, treknatar, krosar,hjarte m.m.Ein liten, utskoren tretapp på toppen. fessta til eit messingoppheng med ei lærreim. Botn av tre fessta med ein treplugg.
Knallhuset er av bein, utan dekor. Åttekanta med botn av tre, fessta med ein trenagle. Kork av tre på toppen med eit messinkjede som er fesst til opphenget.
Det eine kruttmålet er av bein, sylinderforma med ein litt halvkuleforma, dreia topp.Til denne toppen er det fesst eit messinglykkje og eit messingband som er fessta til opphenget. Dekorert med band skorne inn rundt kruttmålet.
Det andre kruttmålet er noko kortare enn det fyrste, og i messing. Dette er litt smala inn i botn, og har ei flatplate på toppen. Til denne plata er det fessta ei metallykkje og ei lærsnor som er festa til opphenget. Kruttmålet har form omlag som ei tom patron.
Kulepungen/hagelpungen er i skinn og innehled hagl. Den har ein dreia tut i horn med riller. Proppen er av kork. Pungen er fessta til opphenget med ein liten hyssingstump i ei påsauma hempe i skinn.
Opphenget er av messing, der er tre små, flate, trekanta metallbitar som sjølve kruttstellet er fessta i. Desse tre bitane i metall er fessta til ei slags ramme med hjartedekor i messing. På toppen av denne er der der eit bomullsband og eit messingband. Messingbandet er lengre og nok bruka til å henge kruttstellet rundt halsen, i beltet el.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».