• Sløyfe som truleg er frå jubileumsmarkeringa av Ivar Aasen sitt verk: "Ordbog over det norske Folkesprog". Hefte 1 av band 1 av 12-bandsverket Norsk Ordbok vart ikkje lansert før 17. november 1950. I informasjonsbrevet står det følgjande: "Den kjende soga til nett dette eksemplaret av sløyfa byrja med at Arne-Ivar Kjerland fann det i ei bok som kom inn til Nynorsk Antikvariat vinteren 2009. I mars same året kom sløyfa sendande med posten til Dagfinn Worren i Norsk Ordbok. Det følgde med ein lapp, dagsett 5. mars, der det stod: "Gildt å gje deg denne sløyfa. Best hels Arne-Ivar. Når også 12-bandsverket Norsk Ordbok er i si fullføring på Dei nynorske festspela dette året, er det høveleg tid for at sløyfa kjem attende til den rette heimen sin, Aasen-tunet. Det samtykkjer også Arne-Ivar Kjerland i. Oslo, 27. juli 2014. Beste helsing Dagfinn Worren."
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Sløyfe

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to