History
-
Gjenstandane har tilhøyrt langeleikspelaren Berit Tørrisdatter Skjefte Pynte, også kjend som Berit Pynten eller "Perit på Pynten".
Berit Pynte var fødd i Vestre Slidre 11. desember 1812. Foreldra hennar var soldat og gardbruker Tørris Toresen (f. 1772) og Marit Gjermundsdatter (f. 1778). Som ung turnerte Berit og opptrådte på marknader, fest og i selskap saman med søstera Guri som også spelte langeleik. Dette var i ei tid då nasjonalromantikk var eit ideal for kunsten, borgerskapet ynskja å oppleve de dei ansåg som den "urnoske" kulturen.
I 1837 gifta Berit seg med gardbruker og veidemann Andris Andrissen Skjefte (f. 1804). Same år fekk ho sonen Andris. Ho var då 24 år. Dottera Sigrid vart fødd i 1942, og enda ein som med navnet Andris i 1844. Berit og mannen Andris budde på husmannsplassen Pynten i Vestre Slidre. Dei gjorde husmannsplassen til ein stoppestad for skysskarar, og ein turistattraksjon for norsk og utanlandsk borgarskap. Berit spelte og underhaldt på plassen. Ho spelte eit tradisjonelt langeleikspel frå øvre Valdres. Til spelet kunne ho nytte dansesokker i tre, som ho styrte med ei snor så dei dansa når ho bevegde fingrane over leiken. Utanfor sesong reiste ho til byane for å spele.
Berit var kjent som ein dykig spelar og har vore ein viktig tradisjonsformidlar av norsk folkemusikk. Ho var ei inspirasjonskjelde for Edvard Grieg, og folketonesamlar Ludvig M. Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar i 1865. Berit døydde i Vang i Valdres 18. desember 1899.
Bruk
- BrukerPynten, Berit (1812 - 1899)
- History
Berit Pynte var fødd i Vestre Slidre 11. desember 1812. Foreldra hennar var soldat og gårdbruker Tørris Toresen (f. 1772) og Marit Gjermundsdatter (f. 1778). Som ung turnerte Berit og opptrådte på markeder, fest og i selskap saman med søstera Guri som også spelte langeleik. Dette er i ei tid då nasjonalromantikk var eit ideal for kunsten, og borgerskapet ynskja å oppleve det dei ansåg som den "urnoske kulturen".
I 1837 gifter Berit seg med gårdbruker og veidemann Andris Andrissen Skjefte (f. 1804). Ho var då 24 år. Sonen Andris kom til verda 23. oktober 1837, i følge kyrkjeboka var det dagen før Berit vart gift. Dottera Sigrid vart fødd i 1942 og enda ein son med navnet Andris i 1844.
Berit og mannen Andris budde på husmannsplassen Pynten i Vestre Slidre. Dei gjorde husmannsplassen til ein stoppestad for skysskarar, og ein turistattraksjon for norsk og utanlandsk borgarskap. Berit spelte og underhaldt på plassen. Ho spelte spelte eit tradisjonelt langeleikspel frå øvre Valdres. Til spelet kunne ho nytte dansesokker i tre, som ho styrte med si snor så dei dansa når ho bevegde fingrane over leiken. Utanfor sesong reiste ho til byane for å spele.
Berit var kjend som ein dykig langeleikspelar og har vore ein viktig tradisjonsformidlar av norsk folkemusikk. Ho var ei inspirasjonskjelde for Edvard Grieg, og folketonesamlar Ludvig M. Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar i 1865. Berit døydde i Vang 18. desember 1899.
- Fødested,Norge Oppland Vestre Slidre
- Dødssted,Norge Oppland Vang O
- ProfessionLangeleikspiller
- Alternative namesBerit på Pynten Berit Skjefte Berit Tørrisdatter Skjefte Pynte
- LitteraturreferanseValdres Bygdebok 6, Skule lag og annan kultur, side 341
- DigitaltMuseumSearch in «Pynten, Berit»
- History
Relation
References
-
- LitteraturreferanseAnne Helgsesen, "Langeleik og pengepung", Klassekampen
- LitteraturreferanseNorsk biografisk leksikon: Berit Skjefte
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF 20613
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 24, 2020
- Date updatedApril 18, 2024
- DIMU-CODE021028875774
- UUIDd6a2502c-07f7-4f15-9bbf-d4baef657ad6
- Tags
1 comment
Frank Henrik Rolland, April 18, 2024
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».