Skilt om kulturabeid på Sunnmøre, som har hengt i det gamle Aasen-museet. Skiltet viser til bilete av sunnmøringar, som har gjort kulturarbeid "på den grunnen som vart lagd av Ivar Aasen". Jon Aasen skriv om skiltet i ein brosjyre frå januar 1950: "På den andre veggen i dette romet er bilæte av Sunnmøringar som hev gjenge i Aasens fotefar. Det er målskrivarar, diktarar, skodespelarar, felespelarar, kunstmålarar o.s.b. Dei eldste av desse som tok til å arbeide for norsk mål er avlidne, t.d. Per og Synnøve Riste og Rasmus Steinsvik, som var dei fremste i 1880-90 åri. Nynorsk vart innført i folkeskularne i Ørsta og Volda 1898. Det var Per Riste sitt ihuga arbeid som bar frukt." (1)
Kjelde:
(1) Engeset, Jens Kåre - "Glimt frå soga til Ivar Aasen-museet 1897-2000". Nynorsk kultursentrum (Det aktuelle sitatet kjem frå ein brosjyre frå 1950, som er vedlagt som faksimilie i dette verket).
Photo:
Almedal, Henry
/
Nynorsk kultursentrum
(Opphavsrett)