Støypt etter ASM 22 i gips. Svor arbeidde med fleire utkast til denne skulpturgruppa. Eit utkast førl denne vart vist på Høstutstillinga 1898, ergo ikkje ASM 22. Skulpturen finst i ...
Støypt etter ASM 22 i gips. Svor arbeidde med fleire utkast til denne skulpturgruppa. Eit utkast førl denne vart vist på Høstutstillinga 1898, ergo ikkje ASM 22. Skulpturen finst i marmor hos Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Dansk-norsk sjøoffiser og krigshelt. Støypt etter gipsoriginalen ved Marinemuseet i Horten. Utkast til 2. konkurranse om Tordenskioldmonument. Svor fekk 1. premie i 1891, men han t ...
Dansk-norsk sjøoffiser og krigshelt. Støypt etter gipsoriginalen ved Marinemuseet i Horten. Utkast til 2. konkurranse om Tordenskioldmonument. Svor fekk 1. premie i 1891, men han tapte oppdraget. Gipsoriginalen vart funnen på Marinemuseet i Horten i 1953. i 1958 vart den satt opp i bronse i Sjømilitære samfunn i Horten, i 1977 på Haakonsvern i Bergen og i 1970 i skulpturparken ved Anders Svor Museum.
Forfattar. Støypt etter ASM 114 i gips. Ant. utkast til statue på Torget i Stavanger kor Kielland var borgermester frå 1893-1902. M. Vigrestad sin skulptur avduka i 1928 er ikkje s ...
Forfattar. Støypt etter ASM 114 i gips. Ant. utkast til statue på Torget i Stavanger kor Kielland var borgermester frå 1893-1902. M. Vigrestad sin skulptur avduka i 1928 er ikkje så ulik Svor sin versjon.
Forfattar og riksarkivar. Støypt etter ASM 166 i gips. Gipsstatuetten er laga same år som Svor for til Paris og kanskje i samband med 50-årsmarkeringa for forfattaren sin død. Svor ...
Forfattar og riksarkivar. Støypt etter ASM 166 i gips. Gipsstatuetten er laga same år som Svor for til Paris og kanskje i samband med 50-årsmarkeringa for forfattaren sin død. Svor stilte ut ein gips av forfattaren på Høstutstillingen i 1898, det er uvisst om det var ASM 166.
Utkast til fontene.. Frå omkring 1905 var Svor mykje oppteken med planar om å pryde Eidsvolds plass i Kristiania, der Eidsvoldsmonumentet skulle reisast. Han tenkte seg ei fontene ...
Utkast til fontene.. Frå omkring 1905 var Svor mykje oppteken med planar om å pryde Eidsvolds plass i Kristiania, der Eidsvoldsmonumentet skulle reisast. Han tenkte seg ei fontene som skulle slutte seg til monumentet både i stil og tanke. Han såg frigjeringsverket på Eidsvoll som eit fornyande kjeldesprang, såvel for landet sitt åndelege som materielle liv. Han tenkte seg fontena utført i kleberstein, med søyler av marmor og dei frittståande figurane og gruppene i bronse. Frisen rundt bassenget skildrar arbeidet i dei fire årstidene, og den øvste frisa sklidrar livet i dei ulike stadiane av livsløpet.
Replikk av skulptur reist i bronse i Skillebekkparken i Oslo i 1920 etter initiativ av magistraten, førsteborgermester Sofus Arctander i 1916. Bølgen vart den første kommunalt fina ...
Replikk av skulptur reist i bronse i Skillebekkparken i Oslo i 1920 etter initiativ av magistraten, førsteborgermester Sofus Arctander i 1916. Bølgen vart den første kommunalt finansierte offentlege utsmykkinga i Noreg.
Norsk matematikar. Truleg utkast til monument. I 1902, i samband med hundreårsjubileet for Abels fødsel, utlyste Universitetet i Oslo ein konkurranse om eit monument over matematik ...
Norsk matematikar. Truleg utkast til monument. I 1902, i samband med hundreårsjubileet for Abels fødsel, utlyste Universitetet i Oslo ein konkurranse om eit monument over matematikaren. Det kom inn 19 utkast. Gustav VIgeland sin versjon vart kjøpt inn i 1904. Den vart avduka i Slottsparken i 1908.
Tenkt som hovudgruppe i fonteneanlegg. Bygartnaren gjorde i 1920 framlegg om å få reist skulpturen på Valkyrie plass i Kristiania. Det førte ikkje fram. Dei to småjentene framfor A ...
Tenkt som hovudgruppe i fonteneanlegg. Bygartnaren gjorde i 1920 framlegg om å få reist skulpturen på Valkyrie plass i Kristiania. Det førte ikkje fram. Dei to småjentene framfor Anders Svor Museum skulle stå på kvar si side av hovudgruppa .