History
-
Produksjon: 1917
I samlinga til museet finnast ei rekkje Bakkane-teikningar som blei laga i november og desember 1917, kort fyre innlegginga på asylet. I hovudsak dreier det seg som skisser av dei som budde på gardane Tveiten og Espelid i Eidsborg, mange barneportrett. Ser ut til at desse teikningane er skisseblokkblad som sidan er blitt skorne lause og ramma inn, truleg ikkje meint som "ferdige" arbeid. (ref. Kjellmo 1993). Kunstner (B, F, KI)Bakkane, Einar Olavson- History
Fødd 14. mai 1889 i Eidsborg, son av Olav Aaneson, gardbrukar, 1848-1924 og Kari Knutsdotter, 1854-1914.
Byrja tidleg å teikne og skjere i tre. Laga polykrome trefigurar som braut med tradisjonell treskjering i bygdemiljøet, og var dels inspirert av middelaldersk og etter-reformatorisk kyrkjekunst. Kom i kontakt med bilethoggar Gunnar Utsond frå Kviteseid, og fekk via han utvida sin kunsthistoriske horisont. Etter kvart blei kunstmiljøet i Kristiania merksam på Bakkane, særleg skulpturane han laga. Chr. Krohg kaupte arbeider av han og ein separatutstilling i Kunstforeningen i 1919 fekkk god omtale i Dagbladet. Bakkane var plaga av psykiske spenningar, og i desember 1917 vart han lagt inn på asylet i Skien av sin venn Eivind G. Tveiten. Her prøva han å teikne og måle dei fyrste åra, men ga så opp. Frå 1942 budde han i privat pleie.
Ved utstilling av Bakkane sine skulpturar og måleri i Kunstnerforbundet, Oslo i 1958 karakteriserte Oscar Thue dei som "naive i oppfatningen, men samtidig uhyre forfinede," preget av "et usedvanlig talent og et følsomt kunstnersinn".
- Fødested,Telemark Tokke Eidsborg
- ProfessionKunstnar
- Alternative namesBakkane, Einar O.
- DigitaltMuseumSearch in «Bakkane, Einar Olavson»
- History
Classification
-
- Bildende kunst (Outline)OU 532
Placement
License information
- License Copyright
Metadata
- IdentifierLB.02293
- Part of collectionVTM Eidsborg
- Owner of collectionVTM Eidsborg
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedApril 26, 2016
- Date updatedMay 8, 2021
- DIMU-CODE021046396163
- UUID7861014b-6b4e-4d19-95e0-489c54f71251
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».