• Plakat for Dei nynorske festspela i 1997. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. I 1997 var det komikar og forfattar Are Kalvø som hadde opningstalen. Festspeldiktar dette året var Ragnar Hovland, medan Arne Nøst var festspelkunstnar. Tove Bull heldt minneforedrag, Stephen J. Walton heldt stemnetale, medan Svein E. Kvamsdal (Volda) hadde preike. Det var óg konsert med Eikanger/Bjørsvik musikklag. Ei festspelnemnd var arrangør for arrangementet. På plakaten dette året vart eit kunstverk av festspelkunstnar Arne Nøst nytta. Plakaten er i glas og ramme. Innramming er utført av Margaret Snipsøyr i mars 2001. 

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 1997]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to