• Plakat for Dei nynorske festspela i 2002. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. I 2002 markerte Dei nynorske festspela at det var ti år sidan den fyrste festivalen. Temaet dette året var "Mangfald". Parlamentarisk leiar Jon Lilletun hadde opningstalen, medan det var opningskonsert med Karl Seglem & Co. Festspeldiktar dette året var Einar Økland, og Wenche Øyen var festspelkunstnar. Tove Karoline Knudsen heldt stemnetale, medan Svein E. Kvamsdal hadde preike. Det var óg kyrkjekonsert med Sondre Bratland og Henning Sommerro. Det var minneforedrag av Gunnar Skirbekk med temaet "Korleis står det til?" Nynorsk kultursentrum var arrangør for arrangementet. På plakaten dette året vart eit kunstverk av festspelkunstnar Wenche Øyen nytta. Kunstverket har tittelen "Haustminne". Plakaten er signert av Øyen, og den er i glas og ramme. Innramming er utført av Margaret Snipsøyr i september 2003.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 2002]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to