• Plakat for Dei nynorske festspela i 2000. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. 22. juni 2000 vart Ivar Aasen-tunet opna, og Nynorsk kultursentrum tok frå dette året av over ansvaret med å arrangere festspela. Temaet for året var "Det vakre". I 2000 var det forfattar Edvard Hoem som hadde opningstalen, medan det var opningskonsert med Tango for tre. Festspeldiktar dette året var Rune Belsvik, medan Steffen Kverneland var festspelkunstnar. Berge Furre heldt både stemnetale og preike. I minneforedraget snakka arkitekten bak Ivar Aasen-tunet, Sverre Fehn, om "Arkitektur som byggjeskikk, kunst og brukskunst". På plakaten dette året vart ei karikaturteikning av festspelkunstnar Steffen Kverneland nytta. Kverneland er teikneserieskapar og illustratør. Plakaten er trykt av Egset trykk, og er i glas og ramme. Innramming er utført av Margaret Snipsøyr i mars 2001.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 2000]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to