Part of exhibition
History
-
- Ikkje sidan tidleg på 2000-talet har ein fløtt hus til museet på Fagernes. Måndag 5. november 2014 kom «Rudi-huset», instrument- og oterfjølverkstaden etter Knut Ø. Rudi (1878-1972) og sonen Øystein K. Rudi (1907–1982), til Valdres Folkemuseum. Det vel 40 kvadratmeter store huset vart bygd på 1940-talet og har dei siste åra fungert som garasje og lager for Jenny Aase Rudi (1939–) på Heggenes i Øystre Slidre. Tidlegare har det vore verkstad, utsal og lager her, for far og bestefar hennar, Øystein og Knut Rudi sin instrument-, strenge- og fiskereiskapsproduksjon. I samband med instrumentsatsinga ved Valdres Folkemuseum, ynskte Jenny Aase Rudi å gje den historiske bygningen til museet. Med aksesjonen følgjer ein del utstyr, sjå liste over. Det var oldefar til Jenny Aase Rudi, Øystein Ø. Rudi (1839–1923), som starta verksemda med langeleikproduksjon. Øystein laga meir enn 300 langeleikar. Desse var ofte rikt dekorerte og ein av langeleikane etter han kan du sjå i utstillinga «Langeleiken – heile Noregs instrument» (instrument på innlån). Sonen til Øystein, Knut, var frå hundreårsskiftet og framover den mest kjende felemakaren i Valdres. Ei hardingfele utstilt på museet er laga rundt 1900. Sonen til Knut, Øystein, var i si tid einaste felemakaren med meisterbrev her i landet. Meisterfela hans, som også er utstilt på museet (instrument på innlån) laga han i Berlin i 1936.
Aksesjon: March 24, 2015
- Giver/siste eierRudi, Aase Jenny (1939)sikker
- Tilholdssted, Tilholdsted per 2015.Norge Oppland Øystre Slidre Heggenes
- ProfessionKunstmaler
- GenderKvinne
- DigitaltMuseumSearch in «Rudi, Aase Jenny»
Relation
Classification
-
- BygningerOU 340
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.100
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedApril 8, 2015
- Date updatedMay 26, 2020
- DIMU-CODE021055827553
- UUIDb5bc711d-9c12-423d-8e63-41c388dfff5c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».